Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seminarkoordinator / vitskapleg assistent (Institutt for økonomi)

Søknadsfrist: 30.05.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Vil du vere med å forme framtida?

Seminarkoordinator/vitskapleg assistent

Ved Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som seminarkoordinator/vitskapleg assistent i 20 % stilling for ein periode på inntil 2 år.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid for vitskaplege assistentar kan ikkje overstige to år.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere å assistere faglærarane på bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi med koordinering av gruppeundervisninga, ta del i arbeidet med rekruttering og oppfølging av seminarleiarane, informasjonsverksemd overfor studentane ved bruk av Studentportalen/MittUiB samt deltaking i evalueringsarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Bachelorgrad i samfunnsøkonomi
  • God språkkunnskap i engelsk, og flytande i norsk, munnleg og skriftleg
  • God administrativ IT - kompetanse
  • Tilknyting og kjennskap til instituttet vert vektlagt
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi tilbyr:

  • Stillinga er løna etter lønssteg 35-40 (Lpl.17.515/ kode 1019). For tida utgjer det mellom 358.000 og 381.100.
  • Godt fagleg og sosialt miljø
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida ”Søk på jobben”.

Søknadsfrist: 30. mai 2019.

Søknaden skal merkast 2019/5653

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgjevar Anita Helen Spurkeland, e-post: Anita.Spurkeland@uib.no eller tlf. 55 58 90 58.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS