Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Robotutviklar – RPA

Søknadsfrist: 12.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Robotutviklar – RPA

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Universitetet i Bergen (UiB) har tatt i bruk robot prosess automasjon (RPA) for å effektivisere og automatisere våre prosesser. Vi styrker no denne satsinga med ei nyoppretta stilling som RPA-utviklar. Den som vert tilsett vil inngå i UiBs tverrfagleg RPA-team, men tilhøyrar Seksjon for applikasjonar på IT-avdelinga.

IT-avdelinga på UiB er ein felles ressurs for heile UiB og avdelinga har eit aktivt og kompetent miljø med om lag 110 tilsette. Vi skal bidra til at UiB når sine mål og leverer teneste som inngår i eller støttar opp under universitetets kjerneoppgåver forsking, undervisning, formidling og innovasjon. Seksjon for applikasjonar har ansvar for drift, vedlikehald og utvikling av både fagnære og administrative tenester, og er en viktig bidragsytar i arbeidet med å realisere UiB sin digitaliseringsstrategi.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i utvikling, innføring og drift/forvalting av RPA-prosessar
  • Vere spesialist på RPA-løysningar, og bidra til prosessautomatisering ved hjelp av ulike teknologiar
  • Vere ein proaktiv deltakar i eit tverrfagleg RPA-team og bidra til å vidareutvikle vårt fagmiljø innan RPA
  • Bidra til å sikre at seksjonen held seg oppdatert på relevant teknologiUtviklaren som vert tilsett no vil få primæransvar for den tekniske delen av RPA satsinga vår, inkludert driftsrutinar, forvaltning og vidareutvikling
  • Bidra til det generelle arbeidet i avdelinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Hos oss jobbar dei fleste med Javascript, PHP og/eller Python, og for dei som skal jobbe med RPA vil det også vere ein fordel med C#-erfaring
  • God prosessforståing. Erfaring med prosesskartlegging er ønskeleg
  • Sjølvstendig, strukturert og kan arbeide i team
  • Fordel med erfaring frå, eller interesse for, arbeid med automatisering (RPA)
  • Gode kommunikasjonsevner. Må beherske norsk, munnleg og skriftleg
  • Interesse for nye tekniske moglegheiter og evna til raskt å setje seg inn i nye teknologiar.
  • For å bli tilsett som avdelingsingeniør må du ha bachelor-, ingeniørutdanning eller tilsvarande; for å bli tilsett som overingeniør utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085), overingeniør (kode 1087) eller senioringeniør (kode 1181) etter kvalifikasjonar, i lønssteg 48-52 (for tida kr 428 500 – 456 900), 53-60 (for tida kr 464 800- 524 200), eller 58-68 (for tida kr 505 800 - 607 700) i det statlege lønsregulativet. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Gruppeleder for Webutvikling Gisle Aas (gisle.aas@uib.no, mobil 932 41 450) eller
  • Seksjonsleiar Nina Kaurel (nina.kaurel@uib.no, mobil 400 99 039)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområder

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS