Stilling:

Postdoktor i kvantitativ økologi eller paleøkologi

Søknadsfrist 20. november 2018

Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som postdoktor knytt til «The Ecological and Environmental Change Research Group». Den som blir tilsett, vil arbeide innan det ERC-finansierte prosjektet «Humans on Planet Earth: Long-term impacts on biosphere dynamics (HOPE) (https://www.uib.no/en/rg/EECRG/107501/hope). Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Eit viktig spørsmål innanfor biovitskapen er i kor stor grad forhistoriske menneske påverka biosfæren og klimaet på kloden. Det fins i dag mykje informasjon om korleis forhistoriske menneske har laga rydningar, drive landbruk, årsaka erosjon og modifisert elvar og næringssystem, noko som har resultert i store endringar på kloden allereie for 8 000–11 000 år sidan. Men har menneske påverka dei viktigaste økologiske prosessane (t.d. «assembly rules» og interaksjonar mellom artar) som formar dei økologiske samfunna og dynamikken mellom artane? For å svare på dette spørsmålet vil vi i dette prosjektet bruke mønster i pollenstratigrafiske data for dei siste 11 500 år frå over 2 000 stader rundt om i verda. Prosjektet bruker forskjellige numeriske teknikkar for å avdekke endringar i 25 økosystemegeigenskapar (artsmangfald, forskjellige mål på diversitet, endringar i økologiske samfunn i tid og rom, samvariasjonar mellom taxa, etc.). Mønster i desse eigenskapane vil bli samanlikna innan biomar, mellom biomar, innan kontinent og mellom kontinent ved hjelp av statistikk for å teste hypotesen om at dei forhistoriske menneska sine aktivitetar har endra på dei grunnleggande prosessane om korleis dei økologiske samfunna er sette saman, og om dei forskjellige prosessane påverka kvarandre annleis som følgje av menneskeleg aktivitet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarane må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor kvantitativ økologi eller paleøkologi, med særleg vekt på til dømes multivariate data-analysar, mønster i artsrikdom, økologiske endringar og dynamikk, og testing av økologiske og paleøkologiske hypotesar ved bruk av randomiseringar. Alternativt må søkjarane ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • God botanisk erfaring og bakgrunn frå til dømes taksonomi og plantegeografi vil vere ein føremon, saman med erfaring frå asiatisk botanikk og økologi.
  • Den som blir tilsett, må vere høgt motivert, like å arbeide med store datasett og forstå relevansen til data og resultata som framkjem, ikkje berre i kontekst av HOPE, men også globalt.
  • Søkjarane må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og kunne samarbeide med andre innanfor HOPE-prosjektet og innanfor forskingsgruppa EECRG og følgje opp utfordrande idear.
  • Evne til pro-aktiv problemløysing vil bli vektlagt.
  • Søkjarane må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Erfaring med programmering i R og Canoco,er viktig for stillinga. Kjennskap til andre state-of-the-art statistiske og multivariate metodar som er relevante for økologi og palaeoøkologi, som til dømes «weighted averaging» regresjon og kalibrasjon, bootstrapping, og «conditional» multivariate analysar er ein fordel.
  • Arbeidserfaring frå store internasjonale prosjekt er ein fordel.
  • Erfaring i å tolke antropogene effektar på vegetasjon i forskjellige biomar er ein fordel.

Særeigne krav for stillinga:Den som blir tilsett, vil vere spesielt ansvarleg i ERC HOPE-prosjektet for å

  • gjennomføre ei rekke avanserte multivariate dataanalysar på eit stort antall pollensekvensar for å estimere forskjellige økosystemeigenskapar, til dømes taksonomisk og funksjonell diversitet, og endringar i artskomposisjon
  • utvikle tilpassa randomiserings- og permuteringstestar for å teste spesifikke hypotesar som er relevante for forskingsspørsmål i HOPE
  • spele ei aktiv rolle i HOPE-forskargruppa og i publisering av resultata frå HOPE-prosjektet.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett, for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Om den som vert tilsett, manglar undervisningserfaring eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å inkludere undervisning og anna pliktarbeid for instituttet i inntil 6 månader i den 4-årige stillinga. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Postdoktoren skal i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

• eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

• løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

• medlemsskap i Statens pensjonskasse

• stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

• gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, alternativt ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste), med DOIs om desse er tilgjengelege
  • eventuelle publikasjonar som ikkje har DOI

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor John Birks, Institutt for biovitskap (telefon: +47 55 58 33 50 eller 55 93 77 17 / e-post: John.birks@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS