Stilling:

Laboratorieteknikarstilling ved Sars Internasjonale Senter for Marin Molekylærbiologisk Forsking

Søknadsfrist 20.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sars Internasjonale Senter for Marin Molekylærbiologisk Forsking(Sarssenteret) gjennomfører grunnleggjande forsking på utviklinga og evolusjonen til marine dyr, ved å bruke avanserte metodar av molekylær/celle/berekningsorientert biologi. Sarssenteret er partnar med The European Molecular Biology Laboratory (EMBL) (www.embl.de/) og held til i Høgteknologi-senteret i Bergen saman med fleire andre avdelingar frå Universitetet i Bergen. Les meir her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Laboratorieteknikarstilling (Kode 1085)

Ved Sarssenteret (www.sars.no) er det ledig ei fast stilling som laboratorieteknikar i forskargruppa til Dr. Timothy Lynagh frå mars 2019. Arbeid i gruppa fokuserer på funksjonen og evolusjonen til nevrotransmitter reseptorar ved å bruka molekylærbiologi, elektrofysiologi, og med marine dyr som hovudmodellsystem. Sars Internasjonale Senter høyrer til Universitetet i Bergen og er partnar med The European Molecular Biology Laboratory (EMBL) (www.embl.de/).

Arbeidsoppgåver:

Denne arbeidsgruppa er ny og personen som vert tilsett vil få ei stor rolle når det gjeld å etablere laboratoriet, inkludert administrering, innkjøp og praktisk labarbeid. Den som vert tilsett vil få opplæring av gruppeleiar i enkelte metodar, vil bidra til forskingsprosjekta gjennom labarbeid og instruera andre. Han/Ho vil jobba tett saman med andre gruppemedlemmar i forskingsprosjekta. Hovudoppgåvene vil omfatte mutagenese og molekylær kloning, generering av genkonstruksjonar, mikroinjeksjonar i eggstokk eller egg, in situ hybridiseringar og mikroskopering, med overordna mål om å forstå funksjonen og evolusjonen til nevrotransmitter reseptorar. Den tilsette rapporterer til gruppeleiar. Arbeidsspråket er engelsk og norsk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkarar må minimum ha ei relevant vitskapeleg utdanning på bachelornivå. Høgare grad eller spesialutdanning kan vere eit krav dersom det blir rekna som nødvendig i forhold til dei oppgåvene som skal løysast. Utfyllande og relevant praksis kombinert med relevant formell opplæring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Rutineerfaring med standard molekylær- og cellulærbiologiske teknikkar (for eksempel kloning og enkel protein reinsing) er eit krav
  • Praktisk erfaring med immunofluorescence mikroskopi og bildebehandlingsteknikkar er forventa
  • Tidlegare arbeid med marine evertebratar er ein stor fordel
  • Søkarar må kunne kommunisere flytande (munnleg og skriftleg) på engelsk
  • Sidan stillinga blant anna består av å opprette og å administrere forskingsgruppa, er det viktig å ha gode kommunikasjonseigenskapar

Vi tilbyr:

  • Ei utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjend forskingsmiljø
  • Løn som laboratorieteknikar/avdelingsingeniør, kode 1085 frå lønnssteg 47-52, lønnsramme 22, etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For tida utgjer dette frå kr 421.700 til kr 456.900. For særskilt kvalifiserte søkjarar, kan det vurderast høgare løn
  • Medlem i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknad på engelsk skal innehalde:

  • Søknadsbrev (på engelsk) der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknader på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søknadsfrist: 20 Mars 2019

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS