Stilling:

Instruktørtannlege (50 %, vikariat)

Søknadsfrist 10. desember 2018

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig eit vikariat (50 %) som instruktørtannlege, for perioden frå 1.1.2019 til 14.6.2019. Arbeidsplass er for tida ved Seksjon for periodonti. Stillinga kan delast opp, og i så tilfelle må søkjar opplyse ønskjeleg stillingsprosent.

Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved andre seksjonar ved behov.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatane og studentane både praktisk og teoretisk. I tillegg kan det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere mogleg å delta i faglege fora.

Krav til kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato.
  • godkjent spesialistutdanning i periodonti er eit ønskje
  • allmenntannleger må ha brei klinisk erfaring med særleg erfaring og interesse for periodonti
  • erfaring frå undervisnings– eller rettleiingserfaring er eit ønskje
  • stilling utanom Institutt for klinisk odontologi for å oppretthalde eigne kliniske ferdigheiter

Den som vert tilsett må ha gode kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil personlege eigenskapar verte vektlagd.

For stillingane gjeld Særavtale om arbeidsvilkår m.v. for instruktørtannlegar ved universiteta i Oslo og Bergen.

http://regler.app.uib.no/regler/Del-3-Personal-og-HMS/3.1-Personalforvaltning/3.1.3-Regler-og-retningslinjer-for-vitenskapelige-stillinger/Retningslinjer-for-stilling-som-instruktoertannlege-ved-UiB-og-UiO

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

  • Førsteamanuensis Dagmar Bunæs tlf 55586647 / 41313154, e-post dagmar.bunes@uib.no
  • Overtannlege Gabriela Dabija-Wolter tlf 55586643 / 97463327,e-post gabriela.dabija@uib.no

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som instruktørtannlege (kode 1015) i lønssteg 58-66 etter kvalifikasjonar (for tida 505 800 – 586 500 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling), alternativt kode 1353 for søkjar som har spesial-/spesialistkompetanse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva UiB kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/hr/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Søknad:

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon

Generell informasjon:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS