Stilling:

Instruktørtannlege (50 %) ved Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for kariologi

Søknadsfrist 11. november 2018

Ved Universitetet i Bergen, Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei fast stilling som instruktørtannlege (50 %). Det er mogeleg å dele opp stillinga. Arbeidsplass er for tida ved Seksjon for kariologi.

Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved andre seksjonar etter instituttet sitt behov.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, delta i behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg kan det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.

Krav til kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • norsk autorisasjon som tannlege på tilsetjingsdato
  • undervisningserfaring er eit ønskje
  • stilling utanom Institutt for klinisk odontologi for å oppretthalde eigne kliniske ferdigheiter
  • to års erfaring frå allmenn praksis som tannlege er eit ønskje

Den som vert tilsett må ha gode kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

For stillingane gjeld Særavtale om arbeidsvilkår m.v. for instruktørtannlegar ved universiteta i Oslo og Bergen.

http://regler.app.uib.no/regler/Del-3-Personal-og-HMS/3.1-Personalforvaltning/3.1.3-Regler-og-retningslinjer-for-vitenskapelige-stillinger/Retningslinjer-for-stilling-som-instruktoertannlege-ved-UiB-og-UiO

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar professor Ann-Katrin Johannsson, tlf.: 55 58 66 99, e-post: Ann-Katrin.Johannsson@uib.no eller
  • Klinikkleiar Neshe Lie, tlf.: 55 58 66 30, e-post: Neshe.Lie@uib.no

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som instruktørtannlege (kode 1015) i lønssteg 58-66 etter kvalifikasjonar (for tida 505 800 – 586 500 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling), alternativt kode 1353 for søkjar som har spesial-/spesialistkompetanse
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/hr/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 11.11.2018

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS