Stilling:

HR-konsulent (førstekonsulent / seniorkonsulent), vikariat

Søknadsfrist 26. august 2018

Ved Det juridiske fakultet er det frå ca. september ledig eit vikariat som HR-konsulent i forskings- og stabsseksjonen på 6 månader med moglegheit for forlenging.

Forskings- og stabsseksjonen er ei av to administrative seksjonar ved fakultetet, og tel for tida 11 medarbeidarar. Seksjonen har ansvar for fakultetet si personal- og økonomiforvalting, infrastruktur og forskingsadministrasjon, og du vil inngå i eit breitt, fagleg team med flinke og positive kollegaer.

Stillinga inneber mykje kontakt med andre tilsette ved fakultetet, og du vil arbeide tett opp mot fakultetsleiinga, fagmiljøet ved fakultetet og sentraladministrasjonen ved universitetet. Vi ønskjer difor velkomen deg som er løysingsorientert, open og engasjert.

Arbeidsoppgåvene er mellom anna:

  • følgje opp og sakshandsame personalsaker (lønn, permisjonar, fråvær)
  • variabellønnsoppgåver (timelister, honorar, kontraktar)
  • rekrutteringsprosessen frå utlysing til tilsetting i alle utlyste stillingar
  • saksførebuing for tilsettingsutvalet
  • rettleiing/utgreiing innan personalfeltet
  • rapportering
  • prosjekt- og utviklingsarbeid
  • arbeid med inkluderande arbeidsliv
  • bistå ved arrangement

Den som blir tilsett kan òg få andre administrative oppgåver.

Kvalifikasjonar

  • høgare utdanning, helst på masternivå. Det er ikkje naudsynt med juridiske emne i graden. Kandidatar frå alle relevante fagområde blir oppmoda om å søkje
  • relevant praksis. Det er ein føremon med erfaring frå HR-arbeid eller anna administrativt arbeid, sakshandsaming og prosjektarbeid. Erfaring frå organisasjonsarbeid og servicearbeid kan òg vere relevant
  • kjennskap til universitets- og høgskulesektoren, samt offentleg forvalting er ein føremon
  • god administrativ IT-kompetanse. Erfaring med ePhorte og HR-portalen (PAGA) er ønskjeleg
  • kan nytte begge målformer (norsk arbeidsspråk)
  • gode engelskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • ansvarsbevisst, fleksibel og initiativrik
  • evne til raskt å setje seg inn i nye system og rutinar
  • evne til sjølvstendig oppfølging og effektiv gjennomføring av arbeidsoppgåver
  • evne til prioritering og god orden
  • integritet og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Relevant praksis og personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.

Vi kan tilby

  • stilling i ein dynamisk organisasjon med fokus på utvikling
  • hyggelege kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • allsidige oppgåver og sjølvstendig ansvar
  • løn etter lønnstrinn 47-57 som for tida utgjer kroner 421 700-497 000 etter hovudtariffavtalane i staten, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar, og om ein har mastergrad eller ikkje. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare lønn
  • gode pensjonsordningar
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida

For meir informasjon om fakultetet, sjå http://www.uib.no/jur.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • fungerande seksjonssjef, forsknings- og stabsseksjonen Anita Garden, telefon 55 58 96 76, e-post: anita.garden@uib.no
  • seniorkonsulent Marianne Hauger, telefon 55 58 95 43, e-post: marianne.hauger@uib.no

Generell informasjon

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare informasjon om tilsettingsprosessen finn du her.

Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

Søknadsfrist: 26. august 2018

Intern-ID: 18/9171

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS