Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førstelektor - Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)

Søknadsfrist: 12.05.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), Universitetet i Bergen, er det frå 1. juli til 31. desember 2019 ledig eit vikariat som førstelektor i fagdidaktikk i historie. Det er mogleg at vikariatet vil bli forlenga.

Historiefaget handlar om menneske i samfunn gjennom tidene. Ved AHKR blir det utøvd historisk forsking, samstundes som instituttet gjev undervisning i historie for studentar på lågare grad (bachelor), høgare grad (master) og på doktorgradsnivå (ph.d.). Instituttet legg vekt på fagleg breidde og driv forsking og undervisning i alle historiske periodar frå antikken til i dag, innan ulike nivå frå det lokale til det globale, og innan ulike felt som økonomisk, sosial, kulturell og politisk historie. Det er for tida 21 faste vitskaplege stillingar i historie ved AHKR.

Kvalifikasjonskrav:

Søkjarar må ha doktorgrad i historie eller tilsvarande kompetanse på norsk doktorgradsnivå. Den som får stillinga skal undervisa studentar på eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), og studentar på lektorprogrammet ved instituttet, og elles bidra til undervisinga i historie på alle nivå. Søkjarar må sjølv ha gjennomført pedagogisk basisutdanning og ha praksis frå undervising i skuleverket. Den som vert tilsett må kunne dokumentere brei undervisningserfaring som høver til emnetilbodet ved instituttet hausten 2019.

I stillinga ligg det 75 % undervisning og undervisningsrelatert arbeid, og 25 % fagleg oppdatering og administrasjon. Den som vert tilsett må kunne ta del i undervisning, rettleiing og eksamensarbeid innanfor fagets emneportefølje og kunne delta i administrative oppgåver.

Undervisnings- og administrasjonsspråket er norsk, og den som får stillinga må kunne følgje opp studentar som er i praksis i det norske skuleverket. Gode kunnskapar i norsk eller eit anna skandinavisk språk er difor ei føresetnad.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Løn tilsvarande lønssteg 64 (kode 1198/LR24) i statens regulativ. Dette utgjer ei årsløn på 565.100,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du på stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ STILLINGEN».

Dette må følgje den elektroniske søknaden:

1. Søknadsbrev2. CV3. Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular4. Informasjon om og dokumentasjon av pedagogisk innsats og kvalifikasjonar5. Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd5. Publikasjonsliste (som vedlegg)6. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar

Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no .

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med:

  • Instituttleiar, professor Jan Heiret, per e-post jan.heiret@uib.no, tlf. 55 58 97 62, eller
  • Fagkoordinator for historie, professor Svein Atle Skålevåg, per e-post Svein.Skalevag@uib.no, eller tlf. 55 58 97 77

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

For meir informasjon om tilsettingsprosessen klikk her.

Søknadsfrist: 12.05.2019

Merk søknaden med: 19/4019

SØK PÅ STILLINGEN

Powered by Labrador CMS