Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i medisinsk teknologi / medisinsk fysikk

Søknadsfrist: 05.06.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Førsteamanuensis i medisinsk teknologi/medisinsk fysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i medisinsk teknologi/medisinsk fysikk.

Om instituttetInstitutt for fysikk og teknologi driv forsking og utdanning som spenner frå basal grunnforsking på dei minste byggesteinane i universet til teknologi og innovasjon for å bidra til å løyse utfordringar verda står framfor i dag innanfor til dømes helse og energi. Instituttet har store forskingsgrupper i romfysikk og i kjerne- og partikkelfysikk, og har sterke fagmiljø til dømes i elektronikk og målevitskap, nanofysikk, medisinsk fysikk, energi, akustikk og optikk. Forskinga er i stor grad eksternfinansiert, blant anna er vi vertskap for SFF «Birkeland Center for Space Science». Instituttet spiller ei sentral rolle i UiBs nye siv.ing.-program i havteknologi, medisinsk teknologi og energiteknologi.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Medisinsk fysikk er eit fagfelt som har utvikla seg mykje dei seinare åra. Nytt avbildingsutstyr gjev stadig betre grunnlag for å sette diagnose, og samstundes vert det også utvikla utstyr for pasientbehandling som krev djup innsikt i fysikk. Det er også nyleg starta eit nytt studieprogram i medisinsk teknologi som gjev nye utfordringar innan undervisning og rettleiing av studentar. Den som vert tilsett i stillinga skal bidra til å styrke instituttets kompetanse innan bildediagnostisk forsking, og vere med å utvikla undervisinga i medisinsk fysikk og teknologi.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan fysikk/medisinsk fysikk eller tilsvarande kompetanse.
  • Søkjarar må ha solid og dokumentert forskingserfaring frå feltet medisinsk fysikk, fortrinnsvis innan avansert bildediagnostisk forsking (MRI, PET).
  • Søkjarar må ha gode programmeringskunnskapar (C/C++, Python, Matlab mm).
  • Søkjarar må ha erfaring innan tverrfagleg forsking og erfaring med å arbeide i/samarbeide med kliniske miljø.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Det blir forventa at den som vert tilsett bidrar til eksternfinansiert forskingsaktivitet, og søkjarar bør dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
  • Søkjar må ha erfaring i leiing av forskingsprosjekt/ forskingsgruppe og kunne dokumentere gjennomføringsevne.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar bør ha eit bredt nasjonalt og internasjonalt vitskapeleg nettverk.
  • Erfaring med innovasjon og frå samarbeid med industri er ein fordel.
  • Erfaring frå organisering av konferansar og seminar er ein fordel.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Undervisning - kvalifikasjonar og eigenskaparSøkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar. Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå
  • oversyn over master- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne undervisningsprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 66 - 74 (kode 1011/LR 24.10). Dette utgjer ei årsløn på kr 586.500 - kr 682.200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15 september kvart år.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt over dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs
  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknadar sendt på epost vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Øyvind Frette, tlf. (+47) 55 58 27 60, epost oyvind.frette@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS