Forskingsteknikar (kode 1512) ved Sarssenteret
Søknadsfrist 5. august 2018
Ved Sarssenteret er det ledig ei fast fulltidsstilling som Forskingsteknikar i dyrefasiliteten delt mellom Rentzsch og Steinmetz forskingsgruppar. Ønskjeleg oppstart for stillinga er September 2018. Dyr i anlegget vil vere sjøanemonen Nematostella vectensis, hydrozoan manet Clytia hemisphaerica og ferskvannspolypen Hydra vulgaris.
Arbeidsoppgåver:
Hovudoppgåvene til stillinga vil vere å operere og vedlikehalde eit semi-automatisert Nematostella dyreanlegg i samarbeid med ein eksisterande forskingsteknikar, samt oppstart og vedlikehald av polypp og manet kulturar av Clytia hemisphaerica.
Oppgåver inkluderer:
- Undersøking av vannkvalitetsparametere
- Vedlikehald av reinse- og pumpesystem
- Fòring, reingjering og oppdrett av dyra
- Organisere avlsprogram, oppdrett av mutante og transgene liner og organisere ein database med genetisk modifiserte liner
- Noko helgearbeid må påreknast
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Pålitelige arbeidsvanar, reinsemd, og evne til å samarbeide produktivt med teknisk og vitenskapleg personale er viktige krav til stillinga
- Erfaring med handtering av små akvatiske dyr og larvar er ønskjeleg
- Tidlegare erfaring med å jobbe med genetiske modellorganismar er fordelaktig
- Søkarar må minimum ha vidaregåande utdanning
- Søkaren må kunne kommunisera (skriftleg og munnleg) på engelsk
Vi kan tilby:
- Ei utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø
- Løn som forskingsteknikar (kode 1512) frå lønssteg 38 i det statlege lønsregulativet, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar . Dette utgjer for tida kr 371.500.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Gode velferdsordningar
Søknad på engelsk eller norsk:
Søknaden skal innehalde
- Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
- Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på www.jobbnorge.no. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.
Søknader på e-post vert ikkje vurderte. Søknadsfrist: 5. August 2018
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stilling kan ein få ved å kontakta:
- Gruppeleiarar Patrick Steinmetz, tel +47 55 58 43 51, epost: patrick.steinmetz@uib.no eller
- Fabian Rentzsch, tel +47 55 58 43 04, epost: fabian.rentzsch@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.