Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskingsteknikar - (kode 1512) ved Sarssenteret

Søknadsfrist: 06.01.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskingsteknikar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


SARS - Internasjonale senter for marin molekylærbiologisk forskning – Les meir her.

Ei fast 50% stilling som Forskingsteknikar, kode 1512 er ledig i Sarssenteret sin administrasjon frå januar 2020. Dei administrativt tilsette ved Sarssenteret tilbyr generell kontorfagleg og administrativ støtte, inkludert økonomiske-, personal- og HMS-tenester for senteret si leiing og forskarar. I dag har senteret omtrent 80 tilsette og gjesta totalt. Dei fleste av dagens tilsette ved Sarssenteret er ikkje-norske, og engelsk er hovudarbeidsspråket ved senteret.

Arbeidsoppgåver:

  • Reingjering av laboratorieutstyr
  • Sterilisering av utstyr ved bruk av autoklav
  • Reingjering og vedlikehald av maskinar på vaskerom
  • Påfyll av forbruksvarer til laboratorium og vaskerom
  • Gje administrative og teknisk assistanse til forskingsgruppene
  • Andre oppgåve kan verte tillagt stillinga

Kvalifikasjonar:

  • Krav om relevant utdanning frå vidaregåande skule eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke
  • Erfaring frå arbeid i et laboratoriemiljø med liknande oppgåver er svært ønskeleg
  • Teknisk bakgrunn, innsikt og erfaring er ønskeleg
  • Den føretrekte kandidaten må ha pålitelege arbeidsvanar, være reinsleg, kunne arbeide sjølvstendig og systematisk, og prioritere oppgåver for å levere arbeid i tide
  • Evne til å kommunisere og jobbe effektivt i samarbeid med personar frå forskjellige nasjonalitetar og utdanningsbakgrunnar
  • Søkjaren må vere fleksibel, ha evne til problemløysing og vere serviceinnstilt
  • Flytande munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne (både i engelsk og norsk)

Ved evaluering av kandidatar vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynt for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og profesjonelt utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som forskingsteknikar (kode 1512) frå lønnssteg 35 etter ansiennitet og kvalifikasjonar, for tida utgjer dette frå kr 362.800
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknad på engelsk eller norsk:

Send søknad elektronisk via JobbNorge «Søk stillingen».

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din bakgrunn og motivasjon for stillinga
  • CV
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar

Søknad og vedlegg med sertifiserte omsettingar til engelsk eller norsk må lastast opp i JobbNorge. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søknadsfrist: 6 januar 2020

Intervju vil bli held på norsk og engelsk.

Generell informasjon:

Utfyllande informasjon om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS