Stilling:

Driftstekniker (med fagbrev) - Eigedomsavdelinga

Søknadsfrist 06.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Driftstekniker (med fagbrev)

Ved Eigedomsavdelinga, Drift, er det ledig ei fast 100 % stilling som driftsteknikar. Stillinga er i dag plassert i driftsområde 1. Dette driftsområdet har mellom anna ansvaret for Universitetsmuseet, Musèplassen 3. Dei tekniske anlegga er komplekse og det er veldig strenge krav til inneklima som skal tilpassast utstillingsobjekt, publikumsareal, spesialverkstader, opplæringsareal, forsamlingsareal, kafedrift mm. I Universitetsmuseet må ein også ta omsyn til dei rammene som gjeld for freda bygg.

Er du ryddig, strukturert og initiativrik med interesse for tekniske anlegg i freda bygg? Då er du kanskje driftsteknikaren vi ser etter. Du må handtere mange oppgåver samtidig og i samsvar med våre verdiar som er: «Samhandling, respekt, redelighet og åpenhet». Stillinga byr på varierte arbeidsoppgåver og krev derfor at du har kunnskap innanfor fleire felt. Vi ser etter ein person som har erfaring frå drift og vedlikehald av bygg og tekniske anlegg i freda bygg. Erfaring frå større tekniske anlegg med kjølemaskiner, ventilasjon, sentral driftskontroll m.v. vil bli særskilt lagt vekt på. Du må ha gode IT-kunnskapar, og generelt vere analytisk. Stillinga rapporterer til drifts- og vedlikehaldsleiar. Arbeidstid kan variere – det må påreknast noko arbeid kveld og helg.

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg drift og vedlikehald av bygg og tekniske installasjonar i samsvar med lover og forskrifter
  • Planlegging av kort- og langsiktig vedlikehald
  • Styring av oppdrag på ein måte som sikrar at UiB er ein trygg arbeidsplass
  • Oppfølgjing og utvikling av interne rutinar
  • Setje fokus på brukar-/leverandørforhold og yte service både mot brukarar og internt i eigen organisasjon
  • Rapportering i samsvar med oppsette mål
  • Deltaking i koordineringsmøter med brukarane

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant fagarbeidarutdanning (fagbrev), fortrinnsvis innan faga kjøling, elektro, automasjon, rør, mekanisk eller ventilasjon.
  • Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- ogvidareutdanning (fagbrev som byggdriftar kan oppnåast) kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant erfaring frå drift og vedlikehald av bygg og tekniske anlegg.
  • Erfaring frå større tekniske anlegg med varmepumper, kjølemaskiner, klimatiserte rom, sentral driftskontroll ol. vil verte vektlagd særskilt.
  • Bruk av IT-verktøy er sentralt i arbeidskvardagen og dette er noko du må kunne godt.
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og muntleg

Vi ser det som ein føremon at søkjar har:

  • Erfaring med brannalarm-anlegg, adgangskontroll m.m.
  • God fleirfagleg innsikt
  • Erfaring frå overtaking, oppstart og prøvedrift av nye bygg
  • Erfaring frå sikkerhet og beredskap
  • Erfaring frå ROS
  • Erfaring frå freda bygg

Personlege eigenskapar:

  • Godt humør og stå-på-vilje
  • Evne til å arbeida effektivt, nøyaktig og ryddig
  • Vere flink til å handtere fleire utfordringar samtidig
  • Initiativrik med interesse for utvikling og endring
  • Serviceinnstilt
  • Kvalitetsbevisst
  • Resultatorientert
  • Vere løysings- og samarbeidsorientert men samtidig kunne arbeide planmessig og sjølvstendig
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • Løn etter stillingskode som driftsteknikar (kode 1136) i løn frå kr 409.100 – 488.500 (ltr.45-56) etter kvalifikasjonar og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
  • Opplæring og anledning til vidareutdanning og utvikling
  • Velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Eigedomsforvaltar: Tone Wold, tlf 950 46 018
  • Seksjonssjef Drift: Jan-Terje Nygaard, mob 915 64 650

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS