Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Digital arkivar

Søknadsfrist: 09.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket i Bergen (UB) yter informasjonstenester av høg kvalitet for å støtte forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing i informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremmar open vitskap. Les meir om Universitetsbiblioteket her.

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei fast 100 % stilling som digital arkivar (førstekonsulent 1408). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for Spesialsamlingar, og den tilsette vil arbeide med oppgåver knytt til prosessar i universitetsprosjektet Sikre samlinger. Etter prosjektslutt vil den tilsette arbeide med drifts- og utviklingsoppgåver ved seksjonen. Seksjon for Spesialsamlingar forvaltar og formidlar kulturhistorisk viktige samlingar som fotografi, antikvariske bøker, manuskript- og arkiv, avissamlingar og kart. Ei av samlingane står på UNESCOs Memory of the World liste, fleire andre er del av Norges dokumentarv.

Arbeidsoppgåver:

  • Aksesjonering, ordning, registrering, og katalogisering av bilete, dokument og metadata i digitale arbeidsverktøy
  • Digital bilethandsaming
  • Noko fotografering
  • Digitalisering av arkiv og biletmateriale
  • Løpande driftsoppgåver som til dømes planarbeid, revisjon av samlingar og publikumskontakt i ulike former ved avdelinga
  • Andre arbeidsoppgåver kan påleggast ved behov

I prosjektperioden vil digital arkivaren arbeide tett saman med UBs fast tilsette og medarbeidarar for å løyse oppgåver knytt til organisering og pakking av ei stor museal samling av fotografi og andre materialtypar. Prosjektet er omfattande og arbeidsoppgåvane varierte.

Til tider vil arbeidet vere fysisk og tidsmessig krevjande, og søkjarar må ikkje vere overfølsame for kjemikaliar og/eller støv.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant utdanning på minimum bachelornivå
  • Erfaring med katalogiseringsverktøy frå bibliotek, museum eller tilsvarende er naudsynt
  • Erfaring frå flytteprosjekt eller liknande der logistikk var ein hoveddel av prosjektet er ein fordel
  • Høg arbeidskapasitet
  • Nøyaktig og med auge for detaljar
  • Strukturert, fleksibel, service- og resultatorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Positiv, initiativrik og med evne til å kunne arbeide sjølvstendig
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk (eller skandinaviske språk) og engelsk

Ved vurdering av søkjarane vil det verte lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg 45 - 53 (kode 1408/LR 21) avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 408 700 – 464 400. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

  • Fagleg leiar Marthe Tolnes Fjellestad, tlf. 55588813 eller
  • Seksjonsleiar Bjørn-Arvid Bagge tlf. 98853148 / 55582572

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS