Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

DevOps – plattformforvaltar

Søknadsfrist: 12.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

DevOps – plattformforvaltar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

IT-avdelinga på UiB er ein felles ressurs for heile UiB og avdelinga har eit aktivt og kompetent miljø med om lag 110 tilsette. Vi skal bidra til at UiB når sine mål og leverer teneste som inngår i eller støttar opp under universitetets kjerneoppgåver forsking, undervisning, formidling og innovasjon. Seksjon for applikasjonar har ansvar for drift, vedlikehald og utvikling av både fagnære og administrative tenester, og er en viktig bidragsyter i arbeidet med å realisere UiB sin digitaliseringsstrategi. No er vi på full fart ut i skyen, og i den forbindelse har vi fokus på å byggja ein ny applikasjonsdriftsplattform. Vi ønsker å bli kjent med deg som er glad i å jobbe i grenseflata mellom utvikling og drift, med automatisering og andre DevOps-relaterte oppgåver.

Arbeidsoppgåver:

  • Design og automatisering av rutinar og oppgåver knytt opp mot plattform og infrastruktur.
  • Automatisering og effektiv styring og drift av produksjons-, utviklings- og testmiljø. (konfigurasjonsstyring, kontinuerlig integrasjon & deploy)
  • Produksjonssettingar og automatisering av leveransar
  • Delta i arbeidet med å etablere en plattform med Kubernetes på skytjenester som Azure og AWS men ev. også on-prem (bare-metal)
  • Forvalte og vidareutvikla system for logging og overvaking av tenester  Drift og forvaltning av eksisterande tenester
  • Bidra til det generelle arbeidet i avdelinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Erfaring med sky og container-teknologi (så som Docker, Kubernetes eller HELM) er en fordel – men ein sterk interesse for å læra kan vere nesten like bra!
  • Kjennskap til scripting i PHP, Python, Bash (<- Linux kunnskap er viktig) eller Ruby er en fordel
  • Kjennskap til versjonshåndtering og git
  • Kjennskap til automatisering med Ansible, Puppet, Terraform eller liknande verktøy
  • Kjennskap til produkter som Jenkins, Redmine, GitLab pipeline eller liknende
  • Kjennskap til moderne, smidige og teamorienterte arbeidsmetodar
  • Gode kommunikasjonsevner. Må beherske norsk, munnleg og skriftleg
  • Interesse for nye tekniske moglegheiter og evna til raskt å setje seg inn i nye teknologiar
  • For å bli tilsett som avdelingsingeniør må du ha bachelor-, ingeniørutdanning eller tilsvarande; for å bli tilsett som overingeniør utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085), overingeniør (kode 1087) eller senioringeniør (kode 1181) etter kvalifikasjonar, i lønssteg 45-52 (for tida kr 414 600 – 464 000), 53-60 (for tida kr 472 000 - 532 300), eller 58-68 (for tida kr 513 600 - 615 900) i det statlege lønsregulativet. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Nina Kaurel (nina.kaurel@uib.no, mobil 400 99 039)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområder

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS