Stilling:

Analytikar HR

Søknadsfrist 24.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Analytikar HR

Er du ein talknusar og analytisk?

HR si overordna oppgåve er å finne løysingar som understøtter universitetet sin strategi. Vi søkjer deg som kan utvikle gode analyser for faktabaserte avgjerder på ulike nivå i institusjonen.

Arbeidsoppgåver:

  • Utvikle digitale løysingar for analysemetodar på HR-området
  • Utvikle og gjennomføre HR-analyser
  • Førebu analysegrunnlag for avgjerder for leiinga og styrande organ
  • Delta i utviklingsprosjekt på tvers av organisasjonen
  • Bidra til god samhandling med leiarar, tillitsvalde og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha relevant utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring med statistikk og arbeid med utvikling av dataanalyser
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå utgreiingsarbeid og god prosessforståing
  • God allmenn digital kompetanse og erfaring med bruk av digitale verkty
  • God prosessforståing og evne til å gje omsetje data og statistikk til innsikt

Vi søkjer deg som er nysgjerrig og kreativ og vil vere med oss å utvikle strategisk HR ved Universitetet i Bergen

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 60 - 65 (for tida kr 524 200 - 576 100 ) i det statlege lønsregulativet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seskjonssjef Janne Marie Solheimslid, e-post: janne.solheimslid@uib.no, tlf. nr. 918 19 544, eller
  • HR-direktør Sonja Irene Dyrkorn, e-post: sonja.dyrkorn@uib.no, tlf. nr. 481 62 687

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS