Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Universitetslektor i pedagogikk (vikariat)

Søknadsfrist: 05.06.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt/sentre.

Ved Institutt for pedagogikk er det for perioden 1. august – 31. desember ledig ei stilling som universitetslektor i pedagogikk (100%), med moglegheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisnings- og rettleiingsarbeid på studieemne knytt til pedagogikk i lærarutdanninga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i pedagogikk
  • Dokumentert erfaring frå undervising i høgare utdanning knytt til lærarutdanning er ein fordel.
  • Søkaren må kunne jobbe sjølvstendig og på ein strukturert måte og ha evne til å samarbeide med andre.
  • Undervisningsspråket er norsk
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagt

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn som universitetslektor etter lønssteg 54 - 60 (kode 1009/LR 25, alternativ 6) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 471 900 - 523 800. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål, attestar og pedagogiske kvalifikasjonar
  • Publikasjonsliste
  • Eventuelle publikasjonar (maks 10)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • instituttleiar Astrid Tolo, Institutt for pedagogikk. E-post: astrid.tolo@uib.no, tlf. + 47 55 58 48 81

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS