Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Universitetslektor i fransk - 25 %(vikariat)

Søknadsfrist: 22.12.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i fransk

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen (UiB) har ledig eit vikariat i 25 prosent stilling som universitetslektor frå 13. januar 2020 til 12. juli 2020. Hovuddelen av stillinga er sett av til undervisning i franskspråkleg litteratur på masternivå (FRAN308). I tillegg er det sett av litt tid til utviklingsarbeid på det nye fransktilbodet på Kompetanse for kvalitet.

Institutt for framandspråk (IF) har i underkant av seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjuefem ph.d.-stipendiatar, fem postdoktorar, ti administrativt tilsette, og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyd studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium.

Franskfaget og kompetanse for kvalitet

Franskfaget ved UiB har fem faste stillingar - to i litteratur, to i språk og ei i fagdidaktikk – i tillegg til fleire stipendiatstillingar. Faget har studentar på bachelor- og masternivå. Fransk har òg viktige eksternfinansierte forskingsprosjekt og eit omfattande internasjonalt samarbeid innan forsking og utdanning.

Kompetanse for kvalitet (Kfk) er eit vidareutdanningsprogram for lærarar i grunnskulen og vidaregåande skule, der det skal utviklast eit nytt franskkurs med start for første studentkull hausten 2020. Undervisninga skal leggjast opp som fjernundervisning, og både undervisningsopplegg og nye læremiddel skal utviklast.

Den som blir tilsett i vikariatet, har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Arbeidsoppgåver:

Undervisning og eksamensarbeid på litteraturemnet FRAN308, i tillegg til enkelte utviklingsoppgåver knytt til det nye franskkurset innanfor Kompetanse for kvalitet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Ved tilsetjing legg instituttet vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Norsk mastergrad (eller tilsvarande kompetanse) i franskspråkleg litteratur.
  • Praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg fransk og norsk
  • Erfaring frå franskundervisning på ulike nivå
  • Erfaring frå bruk av digitale verktøy i undervisninga er ein føremon
  • Gode samarbeidsevner og vilje til lagarbeid

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 52-64 (kode 1009 / LR25) avhengig av tenesteansiennitet. For tida tilsvarer dette mellom 463 600 – 572 700,- i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn. Kandidatar med norsk doktorgrad eller tilsvarande kompetanse blir tilsette som førstelektor i lønssteg 64 (Kode 1198 / LR24), for tida tilsvarande 572 700,- i full stilling før skatt. Opprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN». Dette må følgje søknaden:

1. Søknadsbrev

2. CV

3. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar)

4. Eventuelle evalueringsrapportar el.a. for eiga undervisning

5. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar)

6. Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk eller eit skandinavisk språk, eventuelt attesterte omsetjingar til desse språka. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om vedkomande har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS