Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Instruktørtannpleiar / instruktørtannlege (50 % vikariat)

Søknadsfrist 31.03.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Instruktørtannpleiar/instruktørtannlege (50 % vikariat)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for førebyggjande tannpleie, gerodontologi og samfunnsodontologi er det ledig eit vikariat (50 %) som instruktørtannpleiar/instruktørtannlege med tilsetjing så snart som mogleg og til 5. januar 2020. Det kan verte mogleg å dele opp stillinga.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere å førebu og gjennomføre teoretisk og praktisk undervisning av studentar, samt rettleiing av studentar under arbeid med pasientar i klinikken.

Den som vert tilsett vil i tillegg til undervisning ved seksjonen måtte rekne med undervisning ved andre seksjonar ved Institutt for klinisk odontologi.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha norsk autorisasjon som tannpleiar/tannlege og relevant klinisk erfaring
  • undervisningserfaring og pedagogisk utdanning er ønskjeleg
  • den som vert tilsett må ha gode kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil personlege eigenskapar verte vektlagd.
  • minimum to års erfaring frå allmenn praksis som tannpleiar/tannlege er ønskjeleg

For stillingane gjeld Særavtale om arbeidsvilkår m.v. for instruktørtannlegar ved universiteta i Oslo og Bergen, sjå her

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi kan tilby:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn som instruktørtannpleiar etter lønssteg 42/53 etter tenesteansiennitet kode 1032 (LR15) for søkjar med 2-årig tannpleiarutdanning, og kode 1533 (LR15) for søkjar med bachelorgrad som tannpleiar (for tida 391 800 - 464 800 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling). Løn som instruktørtannlege etter (kode 1015) i lønssteg 58-66 etter kvalifikasjonar (for tida 505 800 – 586 500 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling), alternativt kode 1353 for søkjar som har spesial-/spesialistkompetanse. For særleg kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Overtannpleiar Gro Stenerud, tlf.: 55 58 62 46, e-post: gro.stenerud@uib.no eller
  • Klinikkleiar Neshe Lie, tlf.: 55 58 66 30 e-post: Neshe.Lie@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS