Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskingsteknikar (vikariat) - Dyreavdelinga

Søknadsfrist: 05.05.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskingsteknikar (sommervikariater)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Dyreavdelinga, Klinisk Institutt 1, Det medisinske fakultet er det ledig fleire vikariat som forskningsteknikar relatert til sykefravær og sommerferieavvikling frå dags dato og ut august 2019. Deltaking i helgevakt kan tilleggast stillinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Stell og tilsyn av dyr og kvalitetssikringsarbeid knytt til dyreforsøk er primære oppgaver.
  • Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Krav om relevant utdanning frå vidaregåande skule eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Lang og relevant praksis kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå arbeid med dyr er ein føremon.
  • Kurs i forsøksdyrlære i henhald til forsøksdyrforskrifta sitt krav om slik minimum opplæring (§24 Vedlegg E, 1-10 ) eller kurs i forsøksdyrlære tilsvarande FELASA A, B eller C er ein føremon men ikkje eit krav.
  • Må ikkje vere allergisk mot dyr eller kjemikaliar.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Vi søker ein ansvarsbevisst person som er glad i dyr og folk, og med interesse for forsking, som kan inngå i vårt arbeidsteam i sommar.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, men og kunne samarbeide med både kollegaer og forskarar.
  • Søkjaren må vere fleksibel, ha evne til problemløysing, vere serviceinnstilt og imøtekomande.
  • God munnleg og skriftleg norsk og engelsk framstillingsevne er eit krav.Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som forskingsteknikar (kode 1512) i lønssteg 35-38 (for tida kr 352 900 – 366 400).
  • For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Forsker Aurora Brønstad, aurora.bronstad@uib.no , 55 97 37 82

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS