Stilling:

1-2 stillingar som universitetslektor (vikariat) - Institutt for pedagogikk

Søknadsfrist 06.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt/sentre.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd å kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Ved Institutt for pedagogikk er det for perioden 01.04.2019-30.06.2019 ledig 1-2 vikariater som universitetslektor i pedagogikk (100 %), med moglegheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisnings- og rettleiingsarbeid på studieemne knytt til pedagogikk i lærarutdanninga
  • Oppfølging av etter- og vidareutdanningsarbeid inn mot skuleverket

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i pedagogikk
  • Dokumentert erfaring frå undervising i høgare utdanning knytt til lærarutdanning
  • Søkjar må kunne jobbe sjølvstendig og på ein strukturert måte og ha evne til å samarbeide med andre
  • Undervisningsspråket er norsk
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stilling vil verte vektlagt

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54-60 (kode 1009/lønssramme 25. minimum alt. 6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 471 900 - 523 800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennintet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Vedlegg som dokumenterar dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Publikasjonsliste
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 10 vedlegg)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i JobbNorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jamfør siste kulepunkt.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Astrid Tolo, Institutt for pedagogikk, e-post: astrid.tolo@uib.no, tlf. +47 55 58 48 81

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS