Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i fluidmekanikk

Søknadsfrist: 31.01.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i anvend matematikk med hovudvekt på fluidmekanikk og havmodellering.

Om instituttet

Matematisk institutt driv forsking og utdanning innan rein og anvend matematikk, statistikk og matematikkdidaktikk. Vi er eit internasjonalt retta og dynamisk miljø med sterkt fokus på grunnforsking.

Stillinga er knytt til forskingsgruppa i fluidmekanikk. Gruppa har fire professorar og for tida ein postdoktor og åtte doktorgradsstipendiatar. I tillegg har gruppa ein god «track record» når det gjeld utdanning av masterkandidatar. Gruppa driv forsking innan kompressibel flyt, havbølgjer, havmodellering og miljørelatert fluidmekanikk. Gruppas medlemmer er aktive i å søkje om ekstern forskingsfinansiering frå EU og forskingsrådet, og har også delteke i ulike industrirelaterte prosjekt.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Til den ledige stillinga søkjer vi ein aktiv forskar innan fluidmekanikk som vil styrke instituttets evne til å bidra i anvend havforsking og marin forsking, og til å utdanne kandidatar med ein solid bakgrunn i anvend matematikk, berekningsorientert matematikk og mekanikk.

Marin forsking er eit prioritert område for Universitetet i Bergen, og instituttet forventar at den som vert tilsett i stillinga vil engasjere seg aktivt i eit eller fleire aspekt av fluidmekanikk, havmodellering, marin forsking eller fornybar energi som til dømes vind-, tidevanns- eller bølgjeenergi. Evne til initiering av nasjonale og internasjonale prosjektaktivitetar vil bli vektlagd. Kandidatar som viser klart potensial for forskingssamarbeid med den eksisterande gruppa i fluidmekanikk, vil ha ein føremon.

Gruppa driv også dataintensiv forsking innan til dømes modellering av komplekse system og metodar for dataanalyse. Prosessorienterte modellar, som spenner frå storskala sirkulasjonsmodellar og modellar for bølgjevarsel til Boussinesq-modellar for kystnære farvatn og modellar på mindre skala, vert også utforska.

Universitetet i Bergen er eit nasjonalt knutepunkt for marin forsking og havforsking. Matematisk institutt har eit godt etablert samarbeid med Geofysisk institutt, og har sterke band til Nansensenteret (NERSC) og Havforskningsinstituttet, som begge ligger i Bergen. Andre mulige samarbeidspartnar i Bergen for den som vert tilsett i stillinga, er Norsk meteorologisk institutt, NORCE og Center for Data Science (CEDAS).

Førsteamanuensen skal delta i undervisning, rettleiing av master- og ph.d.-kandidatar, presentere sine forskingsresultat på konferansar og i internasjonale tidsskrift, samt delta fullt ut i instituttets øvrige aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan anvend og berekningsorientert matematikk, fluidmekanikk eller oseanografi, eller tilsvarande kompetanse.
  • Søkjarar må ha ein sterk forskingsbakgrunn innan minst eitt av områda nemnde over.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.
  • Den som vert tilsett i stillinga forventas å bidra til eksternfinansierte forskingsaktivitetar, og må kunne dokumentera ambisjonar om å hente inn ekstern finansiering.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, og den som blir tilsett må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 66 - 74 (kode 1011). Dette utgjer ei årsløn på kr 594 400 – 691 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15 september kvart år.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • Ei fullstendig liste over undervisningserfaring
  • Vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • Namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknadar sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS