Stilling:

Rådgjevar (forskingsrådgjevar) - Institutt for biovitenskap

Søknadsfrist 5. september 2018

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som rådgjevar (forskingsrådgjevar).

BIO er med sine ca. 260 ansatte og omtrent 670 studentar eit stort og fagleg vidfemnande institutt, med forskingsaktivitet innan bl.a. utviklingsbiologi, mikrobiologi, molekylærbiologi, evolusjonsbiologi, miljøtoksikologi, økologi og biodiversitet. Instituttet er sterkt involvert i tema som havbruk, fiskehelse og fiskeri, og om lag 2/3 av den vitskaplege staben arbeider med marine problemstillingar.

Undervisninga ved instituttet dekkjer eit bredt spekter av biologiske disiplinar og omfattar to bachelorprogram, to masterprogram, to integrerte femårige studieprogram (Fiskehelse, Havbruk og sjømat) og lærarutdanning, forutan doktorgradsutdanning.

BIO har ein stor eksternfinansiert forskingsaktivitet og har høge målsetjingar om å i enda større grad basere forskinga si på eksterne midlar. For å nå desse målsetjingane og å kunne handtere den store porteføljen trengs det betre kapasitet innan det forskingsadministrative feltet. Den utlyste stillinga vil vere ei av to stillingar som forskingsrådgjevar.

Arbeidsoppgåver:

  • Forskingsrådgjeving mot nasjonale/internasjonale forskingsprogram med særleg vekt på posisjonering og utarbeiding av søknader til NFR/EU, men også andre relevante finansieringskjelder.
  • Ha oversikt over og informere forskarar om relevante finansieringskjelder.
  • Gi råd, rettleiing og assistanse i forbindelse med BOA-søknader og prosjektoppstart, inklusive instituttet sin del av kontraktsarbeidet.
  • Oppfølging av BOA-prosjekt i driftsfasen, med rapportering og kontraktsendringar.
  • Ved behov, utarbeide rapportar, høyringar og evalueringar som instituttet er involvert i.
  • Ta aktiv del i arbeidet med å styrke BOA-porteføljen og i samarbeid med instituttleiinga arbeide med å utvikle og gjennomføre forskingsstrategien ved instituttet.

Andre administrative oppgåver kan også bli aktuelle.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning innan biologi eller eit relevant fagområde, fortrinnsvis på doktorgradsnivå.
  • Kjennskap til naturvitskapleg eller anna relevant forsking og dessutan erfaring frå søknadsskriving. Erfaring med prosjektgjennomføring og/eller prosjektadministrasjon vil vere ønskjeleg.
  • Kjennskap til NFR og EU sine forskingsprogram og dessutan rammevilkåra for universitetssektoren vil vere ein føremon.
  • Svært gode kunnskapar i engelsk skriftleg og munnleg, i tillegg til norsk (begge målformer).
  • Relevant praksis og god administrativ IT-kompetanse.

Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt:

  • Evne til å motivere, skape kontakt og fremme samarbeid.
  • Evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig, strategisk og målretta.
  • Evne og vilje til raskt å sette seg inn i nye saksfelt og handtere komplekse problemstillingar.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Kvalitetsbevisst, fleksibel og serviceinnstilt.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58–63 (for tida brutto kr 505 800 – 555 100) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit anerkjent utdannings- og forskingsmiljø
  • høve til fagleg og personleg utvikling i nært samarbeid med våre vitskaplege tilsette som driv forsking på høgt internasjonalt nivå
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Meir informasjon om kva UiB kan tilby som arbeidsgjevar, finn ein på UiB sine nettsider:

http://www.uib.no/hr/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Generell informasjonUtfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Terje Restad (+47 55 58 44 61) eller
  • Instituttleiar Ørjan Totland (+47 55 58 46 01)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS