Stilling:

Administrasjonssjef ved Senter for krisepsykologi

Søknadsfrist 1. september 2018

Ved Senter for krisepsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei fast 100 % stilling som administrasjonssjef. Stillinga rapporterer til senterleiar.

Det psykologiske fakultet tilbyr profesjonsutdanning for psykologar, har ansvar for universitetspedagogisk utdanning ved UiB, bidreg med pedagogikkdelen av lærarutdanninga, og tilbyr grader innan eit vidt felt: barnevern, helsefremjande arbeid, pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi og logopedi. Fakultetet sine hovudsatsingsområde innan forsking er knytt til helse, utdanning, utviklingsrelatert forsking og basalforsking i vid forstand.

Senter for Krisepsykologi (Sfk) er ei ny-etablert eining ved det Psykologiske fakultetet. Senteret har spisskompetanse på krise- og katastrofeintervensjon, sorg, traume og konsekvensar av alvorlig sjukdom hos barn, vaksne og eldre. SfK har eit omfattande nasjonalt og internasjonalt nettverk av samarbeidspartnar og har lang erfaring med utvikling av tenester, og utvikling av kompetanse både i kommunalteneste, barnevern og innan spesialisthelsetenesta.

Arbeidsoppgåver:

  • Personalansvar, dagleg drift og overordna administrative funksjonar
  • Saksbehandlings-, utviklings- og utgreiingsoppgåver
  • Ansvar for utvikling, iverksetting og oppfølging av administrative prosedyrar og rutinar
  • Ansvar for administrativ oppfølging av senterets internasjonale verksemd
  • Sekretær for senterrådet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved lang, relevant praksis og etter- og vidareutdanning
  • Leiareigenskapar og evne til sjølvstendig og resultatorientert arbeid blir vektlagt
  • Det blir sett krav om relevant administrativ praksis frå Universitets- og høgskulesektoren og relevant erfaring frå utdanning, forsking og internasjonalt arbeid
  • Kompetanse innan økonomistyring vil vere ein føremon
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt
  • Gode skriftlege og munnlege kunnskapar i engelsk

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som administrasjonssjef (kode 1058) i lønssteg 63 - 69 etter hovudavtalane i staten, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 554 700 – 618 900. For særleg kvalifiserte søkjarar kan fakultetet vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Utfyllande informasjon om Senter for krisepsykologi

I statsbudsjettet for 2017 gav Stortinget 10 millionar kroner til Universitetet i Bergen for å sikre at Senter for Krisepsykologi (SfK) kunne vidareførast som et nasjonalt kompetansemiljø ved Det psykologiske fakultet. Senteret er under oppbygging og vil frå hausten 2018 ha om lag 16 tilsette i faste eller midlertidige stillingar, der to stillingar er tillagt administrative oppgåver.

Senteret planlegg å byggje opp fleire etter- og videreutdanningstilbud og å øke ekstern finansiering av forskingsprosjekt ved senteret. Erfaring frå studie- og/eller forskingsadministrativt arbeid vil derfor være ein fordel. Senteret har eit omfattande nettverk av samarbeidspartnarar i og utanfor Norge. Senterets forskarar er blant anna involvert i prosjektsamarbeid med forskarar frå Danmark, Island, Sverige, Portugal, USA, Vietnam, Sudan, Brasil, England, Nepal og Sør Afrika. Erfaring frå internasjonalt arbeid innan utdanning eller forsking vil derfor også telle positivt.

Senter for krisepsykologi samarbeider i dag med Klinikk for krisepsykologi AS og har lokalar i Fortunen 7. Frå januar 2019 vil senteret også ta del i Bergen Center for Brain Plasticity (BCBP) som er under etablering i Møllendalsbakken 9. BCBP skal blant anna vil forske på nye behandlingsformer for PTSD, komplekse traume og nevrovitskaplege mekanismar for hjerneplastisitet. UiB vil her samarbeide med Helse Bergen om å etablere ein ny forskarskule og å rekruttere inn forskarar, klinikarar og studentar til ulike klinikknære forskings- og utdanningsoppgåver. Administrasjonssjef vil i samarbeid med faglig leiar få ei sentral rolle i å utvikle Senter for krisepsykologi til et nyskapande nasjonalt kompetansemiljø innan krisepsykologi.

Slik kan du søkja

Søknad med CV og relevante vedlegg, som attestar og vitnemål må lastas opp i JobbNorge ved å klikke på «Søk stillinga». Søknadar som vert sende på e-post, og søknadar utan vedlegg vert ikkje vurdert.

Søknadsfrist: 01.09.2018

Søknaden skal merkast: 18/8925

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga