Stilling:

Postdoktor ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Søknadsfrist 15. september 2018

Ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei 4-årig stilling som postdoktor i statsvitskap. Stillinga er tilknytt forskingsprosjektet TROPICO - Transforming into Open Innovative and Collaborative Governments, som er finansiert frå, Horizon 2020, EU sitt rammeprogram for forsking og innovasjon.

TROPICO-prosjektet undersøker korleis styresmaktene og offentlege organ i Europa arbeidar for å skape ein meir samordna forvaltning - for å utvikle politikk og skape betre tenester til befolkninga. Sentralt i prosjektet er korleis digitalisering, informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og nye digitale tenester kan bidra til samordning og samarbeid – i offentleg forvaltning, mellom styresmaktene og befolkninga, og mellom offentlege organ og organisasjonar i privat eller frivilleg sektor. Dette undersøker TROPICO gjennom fleire komparative case-studiar frå fleire land, inkludert Noreg, og gjennom intervju og spørjeundersøkingar til ekspertar og dei som arbeidar i eller med forvaltninga.

TROPICO koordinerast frå Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB og har partnarar frå 12 institusjonar i 10 europeiske land. Meir informasjon om prosjektet finn du her: www.tropico-project.eu

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd Ph.d.-grad innanfor statsvitskap eller eit anna samfunnsvitskapeleg fag. Du må ha levert doktoravhandlinga di til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Du må ha gode samarbeidsevner, stor arbeidskapasitet og kunne bidra til TROPICO-prosjektet.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • Du må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling. Åremålsperioden for denne stillinga er fire år der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning/rettleiing, formidling og administrasjon. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Dei som søkjer stillinga vert rådd til å orientera seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet, sjå http://www.uib.no/admorg

Arbeidsspråket i TROPICO prosjektet er engelsk og norsk.

Som postdoktor i TROPICO vil du inngå i et nettverk av stipendiatar, post-doktorar og erfarande forskarar i 10 europeiske land. Du vil også inngå i ei forskingsgruppe ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap.

Søkarar vil bli evaluerte på bakgrunn av innlevert prosjektskildring, korleis denne passar til prosjektets hovudtema og faglege profil, interesse for prosjektet og kvaliteten på publikasjonar og innsendte skriftlege arbeider.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju i september/oktober.

Om prosjektskildringa:

Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på 4-5 sider skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal innehalde ei utgreiing om forskingside og korleis desse passar inn i TROPICO-prosjektet. Prosjektskissa bør og innehalde ei framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet og ein publiseringsplan.

Vi kan tilby:

  • Løn etter lønssteg 59 - 61 i det statlege regulativ ved tilsetjing, (Lpl.17.510, kode 1352/LR24. Dette utgjer for tida kr. 515 200 – 534 100. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Eit godt fagleg miljø med høg kvalitet på forsking og undervisning.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.
  • Deltaking i eit ledande internasjonalt forskingsmiljø.

Der er sterkt ønskjeleg at kandidaten busett seg og arbeider i Bergen, samt deltek i aktiviteter ved instituttet.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ei av desse må vere hovudrettleiaren på doktorgradsavhandlinga (frå doktorgradsutdanninga).
  • CV.
  • Karakterutskrifter og vitnemål, eller stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • Relevante attestar.
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Vitskaplege publikasjonar (inntil 5). Det er viktig at dei publikasjonane som komiteen skal ta stilling til er lagt ved søknaden i sin heilheit.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.no via link øvst på denne sida. Søknad sendt via e-post vert ikkje vurdert.

Søknaden skal merkast: 2018/7543

Søknadsfrist: 15. september 2018

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om TROPICO kan ein få ved å vende seg til prosjektleder og førstesamanuensis Lise H. Rykkja, epost lise.rykkja@uib.no eller telefon (+47) 55589775.

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgjever Beathe Moldestad, epost beathe.moldestad@uib.no eller telefon (+47) 55 58 90 56.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS