Stilling:

Studiekonsulent (førstekonsulent) - vikariat (Institutt for framandspråk)

Søknadsfrist 7. oktober 2018

Ved Institutt for framandspråk er det ledig eit vikariat i full stilling som studiekonsulent (førstekonsulent) i administrasjonen. Tilsetjingsperioden er frå 1. januar til 30. september 2019, med mogleg endring i tidsrom.

Instituttet har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk. Staben har over femti fast vitskapleg tilsette, og dessutan stipendiatar og andre mellombels tilsette. Meir informasjon om instituttet ligg på www.uib.no/fremmedsprak.

Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet. Stillinga som studiekonsulent inngår i ein instituttadministrasjon med elleve medarbeidarar, der administrasjonssjefen er dagleg leiar. Sju av stillingane er knytte til studiesida av administrasjonen, og studieleiar er arbeidsleiar for denne gruppa. Studiekonsulenten samarbeider nært med dei andre studiekonsulentane ved instituttet og med administrasjonen ved fakultetet. Alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre administrative oppgåver i tillegg til dei spesifikke funksjonane som er lagde til stillinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Sakshandsaming som krev stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing.
  • Rettleiing av studentar.
  • Rådgjeving og fagutvikling.
  • Studentrekruttering og informasjonsarbeid, inkludert oppfølging av heimesider.
  • Internasjonalisering.
  • Utgreiings- og utviklingsoppgåver.
  • Særleg ansvar for faga spansk språk og latinamerikastudium, tysk og italiensk.

Den som vert tilsett, må rekne med endringar i oppgåver og nye arbeidsfelt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad tilpassa oppgåvene stillinga skal dekke. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant praksis frå studieadministrasjon og sakshandsaming vil bli vektlagt.
  • Gode evner til å kommunisere skriftleg og munnleg er eit krav.
  • Solide engelskkunnskapar og evne til å uttrykkje seg godt skriftleg på engelsk, nynorsk og bokmål.
  • Kjennskap til og interesse for faga ved instituttet er ein føremon.
  • Effektivitet.
  • Sjølvstende.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Fleksibilitet og evne til å gjennomføre arbeidsoppgåvene.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Stilling som førstekonsulent (kode 1408/LR 21), lønn tilsvarande lønssteg 51 – 55, for tida 449.000 – 480.200 kr. brutto per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare lønn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Du får vite meir om stillinga om du kontaktar:

  • Studieleiar Silje Grønner Stang på tlf. 55 58 93 75 eller e-post silje.stang@uib.no, eller
  • Administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug på tlf. 55 58 22 81 eller e-post arve.uthaug@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Send søknad og CV elektronisk via «SØK STILLINGEN» på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

Søknadsfrist: 07.10.2018

Merk søknaden: 18/10794

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS