Stilling:

Seniorkonsulent / rådgjevar ved Det juridiske fakultet

Søknadsfrist 31. oktober 2018

Vil du vere med å arbeide i det forskingsadministrative teamet på Det juridiske fakultet?

Vår ph.d.-koordinator skal ha foreldrepermisjon, og vi har derfor ledig eit vikariat som seniorkonsulent/rådgjevar i Forskings- og stabsseksjonen ca. ut november 2019, med muligheit for forlenging og med tiltreding etter avtale. Forskings- og stabsseksjonen er ein av to administrative seksjonar ved fakultetet og tel 11 medarbeidarar. Seksjonen har ansvar for fakultetets arbeid med forskingsadministrasjon, HR og økonomi.

Den ledige stillinga er knytt til det forskingsadministrative arbeidet, der du vil få særskilt ansvar for å koordinere doktorgradsprogrammet frå opptak til doktordisputas. Du vil og ha ansvar for organisering av ulike seminar og arrangement knytt til doktorgradsprogrammet. God og tett oppfølging av doktorgradskandidatane er ein viktig del av stillinga, og du får ansvar med å vidareutvikle dei administrative rutinane på dette feltet.

Du vil ha eit utstrakt samarbeid med fagansvarlege for forskarutdanninga om programoppsett, og vil samarbeide tett med forskingsleiinga og det vitskaplege miljøet på fakultetet. Utgreiing og saksførebuing er og sentrale delar av stillinga, og du vil bidra i arbeidet med fakultetet sine planar og rapportar. Stillinga inngår også i internasjonaliseringsteamet på fakultetet.Den som blir tilsett kan òg få andre administrative oppgåver.

Kvalifikasjonar

  • mastergrad. Det er ikkje naudsynt med juridiske emne i graden. Kandidatar frå alle relevante fagområde vert oppmoda om å søkje. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • relevant praksis frå universitets- og høgskulesektoren
  • erfaring frå sakshandsaming, utgreiing, koordinering og prosjektarbeid
  • gode engelskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • kan nytte begge målformer
  • god IT- kompetanse

Personlege eigenskapar

  • initiativrik, effektiv, kreativ og løysingsorientert
  • fleksibel og sørvisinnstilt
  • evne til sjølvstendig gjennomføring og oppfølging av arbeidsoppgåver
  • evne til prioritering og orden i periodar med stort arbeidspress
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi kan tilby

  • eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø med fagleg tyngde
  • gode vilkår for fagleg og personleg utvikling
  • inkluderande arbeidsliv (IA)
  • fleksibel arbeidstid
  • lønn i lønnstrinn 54 - 58/årsløn 472 300-505 800 (seniorkonsulent kode 1363), eller i lønnstrinn 59 - 61/årsløn 515 200-534 100 (rådgjevar, kode 1434) avhengig av kvalifikasjonar. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare lønn.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fungerande seksjonssjef Anita H. Garden , +47 55 58 96 76, e-post Anita.Garden@uib.no

For nærare informasjon om Det juridiske fakultet, sjå http://www.uib.no/jur

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Søknad og CV skal sendas elektronisk via linken «Søk denne stilling» til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknadsfrist: 31. oktober 2018.

Søk denne stilling

Powered by Labrador CMS