Stilling:

Forskingsteknikar / avdelingsingeniør (vikariat) ved Dyreavdelinga

Søknadsfrist 21. oktober 2018

Ved Dyreavdelinga, Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet, er det ledig eit eller fleire vikariat som forskingsteknikar/avdelingsingeniør med tilsetjing så snart som mogleg. Vikariata er ledig grunna sjukemelding og varigheit på vikariata og stillingsprosent er derfor noko usikker.

Arbeidsoppgåver:

Primære arbeidsoppgåver omfattar, stell og tilsyn av dyr og kvalitetssikringsarbeid knytt til dyreforsøk. Forsøk med dyr er regulert av fleire forskrifter og internkontrollrutinar.Den som vert tilsett vil og drive opplæring av avdelinga sine brukarar knytt til dyr, utstyr, og helse, miljø og tryggleik.

For avdelingsingeniør vil det også vere oppgåver knytt til avl, blant anna kjønnssortering ved avvenning av kull, Id merking, prøvetaking for genotyping, hormonbehandling, utabeide avlsplanar i samarbeid med forskarar og sette opp nye avlspar.

Deltaking i vakt helger (kvar 4-5 helg) og beredskapsvakt (kvar 6-8 veke) kan inngå i stillinga. Dette honoreras etter eigen avtale.

Kvalifikasjonar:

  • Krav om relevant utdanning frå vidaregåande skule eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Lang og relevant praksis kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Søkjarar til stilling som avdelingsingeniør må ha relevant bachelorgrad. Lang og relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå arbeid med dyr er ein føremon. Søkjarar for avdelingsingeniørstilling må i tillegg ha kompetanse om dyreavl, og praktisk erfaring med avlsarbeid på gnagarar vil verte vektlagt.
  • Mange arbeidsprosessar ved Dyreavdelinga er automatiserte og kompetanse i automatisert utstyr vil bli vektlagt.
  • Kurs i forsøksdyrlære i henhald til forsøksdyrforskrifta sitt krav om slik minimum opplæring (§24 Vedlegg E, 1-10 ) eller kurs i forsøksdyrlære tilsvarande FELASA A, B eller C er ein føremon men ikkje eit krav.
  • Må ikkje vere allergisk mot dyr eller kjemikaliar.
  • God munnleg og skriftleg norsk og engelsk framstillingsevne er eit krav.

Personlege eigenskapar:

  • Vi søker ein ansvarsbevisst person som er glad i dyr og folk, og med interesse for forsking, som kan inngå i vårt arbeidsteam.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, men og kunne samarbeide med både kollegaer og forskarar.
  • Søkjaren må vere fleksibel, ha evne til problemløysing, vere serviceinnstilt og imøtekomande.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Stilling som forskingsteknikar (kode 1512) i lønssteg 35-38 (for tida kr 347 700 – 361 000) eller som avdelingsingeniør (kode 1085/20.10) i lønssteg 47-52 (for tida kr 421 700 – 456 900). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Forskar Aurora Brønstad, aurora.bronstad@uib.no, tlf. 55 97 37 82

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS