Stilling:

Førsteamanuensis (50 % vikariat) i medisin (mikrobiologi)

Søknadsfrist 2. desember 2018

Ved Det medisinske fakultet, klinisk institutt 2, er det ledig vikariat som førsteamanuensis (50 %) i medisin (mikrobiologi). Vikariatet er ledig med tilsetting så snart som mogleg og til 31. desember 2020.

Stillinga skal vere knytt til ei av dei eksisterande forskingsgruppene ved instituttet.

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, finn du lenger ned på sida.

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

  • Harald Wiker ved Klinisk institutt 2: harald.wiker@uib.no

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må vere lækjar med medisinsk spesialitet i mikrobiologi eller infeksjonsmedisin og ha norsk doktorgrad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse.
  • Den som vert tilsett skal undervise mikrobiologi i profesjonsstudiane for medisin og farmasi.
  • Det vil verte lagt vekt på evne til å skape eit godt undervisningsmiljø og eit godt samarbeid med dei kliniske avdelingane ved Haukeland Universitetsjukehus.
  • Det vil verte lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø gjennom eigen nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt.
  • Det vil verte lagt vekt på evne til å få fram eigne forskingsmidlar.
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Den tilsette skal arbeide med mikrobiologi i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet og må kunne dokumentere eiga forsking på mikrobiologiske årsakar til infeksjonar.

Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Undervisingsspråket er norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Løn

Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 66 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 586 500, eller lønssteg 68 (spesialistutdanning) for tida kr 607 700. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Retningsliner

Den som vert tilsett pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid og til utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Slik søkjer du stillinga:

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Legg ved:

● vitnemål og attestar

● fullstendig publikasjonsliste

● liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

● ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde

● vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Ein viser elles til «Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Stillingsomtale

FØRSTEAMANUENSIS

Ved Det medisinske fakultet, klinisk institutt 2, er det ledig vikariat som førsteamanuensis (50 %) i medisin (mikrobiologi).

Om instituttet

https://www.uib.no/klin2

Den som vert tilsett skal inngå i ei av dei eksisterande forskingsgruppene ved instituttet.

Den som blir tilsett skal delta i undervisninga i mikrobiologi for medisin og farmasistudentar, og rettleie mastergradstudentar og doktorgradskandidatar. Den som blir tilsett vil òg bli pålagt å delta i instituttet si generelle undervisning på lågare grad, og i arbeid på instituttet elles.

Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vil det verte lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid både i forsking, koordinering og rettleiing.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Den som blir tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjing, får tilbod om opplæring.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til. Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggjast reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar.

Dette kan ein til dømes gjere ved å sende inn:

• prov for gjennomført pedagogisk utdanning

• evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning

• oversyn over undervisningsomfang og -nivå

• oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat

• mottekne studentprisar

• eigne pedagogiske publikasjonar

• eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell

• rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Tilsetjinga går føre seg på grunnlag av vurdering av ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisningskompetanse.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS