Stilling:

Førsteamanuensis (20 % bistilling) i allmennmedisin

Søknadsfrist 16. september 2018

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i allmennmedisin. Stillinga er for ein periode på fem (5) år frå tilsetjing og er knytt til fast relevant hovudstilling i primærhelsetenesta i Bergen kommune (fastlege eller fast tilsett lege. Det må gå fram av søknaden kvar søkjar har hovudstilling.

Stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det vert lagt vekt på ved tilsetjing, kan ein finna lenger nede på denne sida.

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

  • Leiar for Fagområde allmennmedisin, førsteamanuensis Esperanza Diaz, tlf.: 55 58 61 44, e-post: [email protected] eller
  • Instituttleiar Guri Rørtveit, tlf.: 55 58 61 41, e-post : [email protected]

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må vere utdanna lege, ha norsk ph.d.-grad i medisin eller tilsvarande kompetanse.
  • Søkjarar må ha erfaring frå klinisk allmennmedisin og helst vere spesialist i allmennmedisin eller under spesialistutdanning.
  • Det er ein føremon om søkjar har kompetanse innan forsking på muskel-skjelett-lidingar, men klinisk interesse innan dette feltet vil og verte vektlagt.
  • Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som vert tilsett må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
  • Dersom søkjar ikkje har dei nødvendige pedagogiske kvalifikasjonar, må søkjar forplikte seg til å gjennomføre pedagogisk utdanning. Kurs vert tilbode.
  • Evne til samarbeid er naudsynt, og det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Løn

Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 66 (kode 8028/lønsramme 24.10), for tida kr 586 500, eller lønssteg 68 (spesialistutdanna) for tida kr 607 700. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

Vi kan tilby

  • eit arbeidsmiljø med lang og sterk fagtradisjon innan allmennmedisin
  • spanande arbeidsoppgåver og eit fagmiljø som har godt nasjonalt og internasjonalt nettverk
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

https://www.uib.no/hr/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Retningsliner

Den som vert tilsett pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid og til utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Legg ved:

  • vitnemål og attester
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) som pdf.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga, i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Søknaden vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Ein visar til «Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger».

Nærare om tilsettingsprosessen her

Stillingsomtale

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei bistilling (20 %) som førsteamanuensis i allmennmedisin. Stillinga er eksternt finansiert av Bergen kommune, som ledd i ein felles strategi for universitetet og kommunen for å styrke forsking og utdanning innan primærhelsetenesta. Sentralt i denne satsinga er etableringa av Alrek helseklynge (les meir her: https://www.uib.no/alrekhelseklynge).

Institutt for global helse og samfunnsmedisin er eit av fem institutt under Det medisinske fakultet. Til instituttet høyrer det for tida til 60 fast vitskapleg tilsette og 25 fast teknisk/administrativt tilsette. Instituttet har til ein kvar tid omlag 20 postdoktorar og 130 doktorgradsstudentar. I tillegg er det omlag 120 masterstudentar i helsevitskap. Dei vitskapleg tilsette er organisert i fagområder, og i tillegg i undervisnings- og forskingsgrupper.

Instituttet driv fleire masterprogram. Instituttet har dessutan ansvar for undervisning i ei rekke emne i legeutdanninga og for forskarskule i samfunnsmedisin i tillegg til ein forskarskule i internasjonal helse.

Den som vert tilsett vil bli knytt til Fagområde allmennmedisin, og undervisningsgruppe for allmennmedisin. Vedkomande vel sjølv forskingsgruppe ein vil høyre til, primært blant forskingsgrupper som arbeider med allmennmedisinske problemstillingar. Fagområde allmennmedisin har fagleg ansvar for etablering av ein ny infrastruktur for forsking i primærhelsetenesta, PraksisNett (les meir her: https://www.uib.no/praksisnett). Det er ønskeleg at den som vert tilsett bidreg i kommunikasjon med Bergen kommune om dette prosjektet.

Den som vert tilsett skal delta i undervisning i allmennmedisin, og det er spesielt ønskjeleg at ein deltek i utvikling av undervising knytt til vanlege muskel-skjelett-tilstander. Forskingsmessig eller klinisk interesse for dette fagfeltet er derfor ein føremon. Den tilsette vil og bidra i rettleiing og forskingsaktivitet. Vedkomande kan og verte involvert i å søke eksterne midlar.

Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid i forsking så vel som i undervisning.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Den som blir tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjing, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til. Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal leggjast reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan ein til dømes gjere ved å sende inn:

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
  • oversyn over undervisningsomfang og –nivå
  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne studentprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Tilsetjing går føre seg på grunnlag av ei vurdering frå ei vitskapleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering gjort av tilsetjande organ, inkludert intervju, kontakt med referansar og eventuell prøving av undervisningskompetanse.

Søk stillingen