Stilling:

Førsteamanuensis / universitetslektor (20 % bistilling) i farmasi (farmakoterapi)

Søknadsfrist 2. desember 2018

Ved Universitetet i Bergen, Det medisinske fakultet, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i farmasi (farmakoterapi) for fire (4) år frå våren 2019. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med førsteamanuensiskompetanse, kan ein tilsette universitetslektor (20 % bistilling). Stillinga er knytt til fast relevant hovudstilling utanfor Universitetet i Bergen. Arbeidsstad er Senter for farmasi, Klinisk institutt 2.

Stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, finn du lenger nede på sida.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Emneansvarleg for farmakologi professor Lars Herfindal, epost: lars.herfindal@uib.no , tlf.: 55 97 46 28 eller
  • Senterleiar professor Svein Haavik, tlf.: 55 97 46 15, epost: Svein.Haavik@uib.no

Kvalifikasjonar

For stillinga som førsteamanuensis er det naudsynt med relevant norsk ph.d. grad eller tilsvarande kompetanse. For stillinga som universitetslektor vert det kravd mastergrad i farmasi eller tilsvarande kompetanse, og relevant praksis. Undervisninga vil vera innan farmakoterapi for farmasistudentar. Det er ein føremon med erfaring frå undervisning for farmasøytar innan dette feltet.

Det vert lagt vekt på vilje og evne til samarbeid, engasjement og interesse for undervisning, samt ønskje om å bidra til å utvikla farmasiutdanninga ved Universitetet i Bergen.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

Undervisningserfaring og pedagogisk basisutdanning er ønskjeleg for den som vert tilsett. Det vert høve til opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Løn

Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 66 (kode 8028/lønsramme 24.10), for tida kr 586 500 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Universitetslektor vert lønt etter lønssteg 51-61 (kode 1009/lønsramme 25.5), for tida 449 400 – 534 100 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, etter tenesteansiennitet. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Retningsliner

Den som vert tilsette pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane so m gjeld til kvar tid og til utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsette må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Slik søkjer du stillinga:

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Legg ved:

● vitnemål og attestar

● liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

For vurdering som førsteamanuensis og universitetslektor som driv med forsking, må søkjar i tillegg legge ved:

● fullstendig publikasjonsliste

● ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde

● vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) som pdf

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda. Vi gjer merksame på at søknader vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Ein viser elles til «Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

STILLINGSOMTALE

FØRSTEAMANUENSIS/UNIVERSITETSLEKTOR (20 % bistilling) I FARMASI (FARMAKOTERAPI)

Ved Universitetet i Bergen, Det medisinske fakultet, er det ledig ei åremalsstilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i farmasi (farmakoterapi) for fire (4) år frå våren 2019. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med førsteamanuensiskompetanse, kan ein tilsette universitetslektor (20 %). Stillinga er knytt til fast relevant hovudstilling utanfor Universitet i Bergen.

Om instituttet: https://www.uib.no/klin2

Søkjaren må ha relevant norsk ph.d. grad eller tilsvarande kompetanse. For stilling som universitetslektor må søkjar ha mastergrad i farmasi ved ein norsk institusjon, eller syna til tilsvarande kvalifikasjon ved utanlandsk institusjon. Det er ei føremun om søkjaren har erfaring med undervisning av farmasistudentar.

Undervisning

Den som vert tilsett skal vere emneansvarleg og delta i undervisninga i emnet farmakoterapi for farmasistudentar. Det vert lagt vekt på tidlegare erfaring innan undervisning i farmasi.

Undervisningsspråket er norsk.

Forsking (førsteamanuensis)

Forsking er ei hovudoppgåve for Klinisk institutt 2. Forskinga går føre seg i nært samarbeid mellom fleire einingar ved instituttet og institusjonen, og i samarbeid med helseføretak og andre institusjonar.

Den tilsette (pliktar å medverka til aktiv rekruttering og forskingsrettleiing av studentar og stipendiatar. Det er ønskjeleg at forskinga vert knytt opp mot prioriterte forskingsområda ved Det medisinske fakultet. Det vil verte lagt vekt på røynsle frå leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, og vidare frå forskingsstrategisk arbeid.

Generelt

Søkjarar må dokumentera undervisnings- og administrativ røynsle, og vidare røynsle med populærvitskapleg formidling.

Det vil verte lagt vekt på røynsle innan undervisning, og dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Den som vert tilsett har plikt til å ta del i undervising og eksamensavvikling ved instituttet i dei studieprogram og etter dei studieordningar som gjeld til ei kvar tid.

Den som vert tilsett må rette seg etter det regelverket som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Stillingsinnehavar må og på førespurnad eventuelt delta i instituttet sine styringsorgan, utval og anna arbeid.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor normal arbeidsplikt og fagleg kompetanse kan den som vert tilsett også verte pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggjast reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan til dømes gjerast ved innsending av:

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
  • oversyn over undervisningsomfang og -nivå
  • oversyn over mastergrads- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne studentprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendier og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervising, slik som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Tilsetjinga går føre seg på grunnlag av vurdering av ei vitskapleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisningskompetanse.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS