Stilling:

Førsteamanuensis - fylkeskoordinator i allmennmedisin

Søknadsfrist 14. oktober 2018

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det frå 1. april 2019 ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (30 %) i medisin (allmennmedisin) som fylkeskoordinator i Rogaland. Instituttet held til i Kalfarveien 31. Arbeidsstad andre stadar vil skje etter avtale med arbeidsgjevar.

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, finn du lenger ned på sida.

Stillinga skal vere knytt til Fagområde allmennmedisin.

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

  • Instituttleiar, professor Guri Rørveit, tlf.: 55 58 61 41, e-post: Guri.Rortveit@uib.no eller
  • Leiar for Fagområde allmenmedisin Esperanza Diaz, tlf 47414104, e-post: esperanza.diaz@uib.no

Kvalifikasjonar

  • søkjar må ha norsk ph.d-grad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse
  • søkjar må ha erfaring frå klinisk allmennmedisin og vere spesialist i allmennmedisin eller under spesialistutdanning
  • det vil verte lagt vekt på evne til nettverksbygging
  • pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Den som vert tilsett skal arbeide tett saman med dei to andre fylkeskoordinatorane som held til i Hordaland og Sogn og Fjordane. Det er ein føremon om søkjar arbeider som fastlege i Rogaland. Meir om arbeidsoppgåvene knytt til stillinga finn du i stillingsomtalen.

Den som vert tilsett skal høyre til ei forskingsgruppe ved instituttet. Han/ho skal drive forsking innan allmennmedisin og bidra med rettleiing av ph.d.-kandidatar. Søkjar blir beden om å opplyse om forskingsplanane sine i søknaden.

Den som vert tilsett vil høyre til undervisingsgruppe for allmennmedisin og vil bidra i undervisninga av legestudentar. Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

Dersom den som vert tilsett har 100% hovudstilling, kan stillinga som førsteamanuensis tilpassast dette, slik at ein får totalt maksimum 120% stilling. Søkjar må opplyse om dette i søknaden.

Løn

Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 66 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 586 500, eller lønssteg 68 (spesialistutdanning) for tida kr 607 700. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Retningsliner

Den som vert tilsett pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid og til utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Slik søkjer du stillinga:

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Legg ved:

  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Ein viser elles til «Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Stillingsomtale

FØRSTEAMANUENSIS - (30% stilling) fylkeskoordinator i allmennmedisin

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (30 %) i medisin (allmennmedisin). Stillinga gjeld arbeid som fylkeskoordinator i Rogaland.

Om instituttet

https://www.uib.no/igs

Institutt for global helse og samfunnsmedisin er eitt av fem institutt under Det medisinske fakultet. Til instituttet høyrer for tida om lag 60 faste vitskapleg tilsette og 25 faste tekniske og administrativt tilsette. Instituttet har omlag 19 postdoktorar, om lag 150 stipendiatar/doktorgradsstudentar, og rundt 170 mastergradstudentar som får undervisning frå instituttet. Dei tilsette er organisert i fagområder, og alle vitskapleg tilsette deltek og i forskingsgrupper, undervisningsgrupper og administrasjon.

Institutt for global helse og samfunnsmedisin gjev undervisning i allmennmedisin og andre fag til medisinstudentar, og i samfunnsfarmasi til farmasistudentar og driv i tillegg masterprogram i internasjonal helse, helsevitskap og helseleiing.

Forsking og undervisning ved instituttet omfattar eit breitt spekter av disiplinar innan allmennmedisin, epidemiologi, helsefag, global helse, farmasi og statistikk. Instituttet har 15 forskingsgrupper, blant dei ei forskingsgruppe for allmennmedisin.

Den som vert tilsett skal inngå i ei av dei eksisterande forskingsgruppene ved instituttet og i undervisningsgruppe for allmennmedisin og skal delta i å rettleie doktorgradskandidatar.

Den som vert tilsett skal, saman med dei to andre fylkeskoordinatorane, vere fagleg ansvarleg for 6 veker praksisperiode i allmennpraksis for legestudentar i siste studieår. Alle legekontor som tar imot studentar har ein fastlege som hovudansvarleg, og desse legane har tittel universitetslektor. Fylkeskoordinatorane skal rekruttere fastlegar i dei tre vestlandsfylka til å vere universitetslektorar og halde god kontakt med dei. Fylkeskoordinatorane har hovudansvar for kvar sitt fylke. Dei set iverk tiltak for å oppretthalde og betre undervisningskompetansen blant universitetslektorane. Fylkeskoordinatorane vil vere med på å utvikle kommunikasjonen mellom institutt og universitetslektorene via moderne elektroniske plattformar.

Den som vert tilsett skal vere med på undervisninga i ”Grunnkurs i klinisk kommunikasjon”, eit vekelangt kurs som vert halde to gonger kvar vår for tredje års legestudentar. Fylkeskoordinatorane har i tillegg ansvar for undervisningsoppgåver knytt til praksisperiodane og arrangerer årleg eit to-dagar emnekurs i vidare-/etterutdanning for universitetslektorar (fastlegar som tar imot siste års legestudentar i 6 veker allmennpraksis). Den som vert tilsett skal ta imot student i eigen praksis kvart år så langt det er råd. Etter avtale med undervisningsleiar vil det vere mogleg for fylkeskoordinator å delta i anna undervisning i allmennmedisin, slik som videogrupper, undervisning i kliniske allmennmedisinske emnar, i tillegg til rettleiing av hovudoppgåver i medisin, eksamens- og sensorverksemd. Reise og opphald i samband med desse oppgåvene blir dekka av Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vil det verte lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid både i forsking, koordinering og rettleiing.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Den som blir tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjing, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk. Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til. Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggjast reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar.

Dette kan ein til dømes gjere ved å sende inn:

• prov for gjennomført pedagogisk utdanning

• evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning

• oversyn over undervisningsomfang og -nivå

• oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat

• mottekne studentprisar

• eigne pedagogiske publikasjonar

• eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell

• rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Tilsetjinga går føre seg på grunnlag av vurdering av ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisningskompetanse.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS