Stilling:

Forskar (mellombels) - Klinisk institutt 2

Søknadsfrist 19. juli 2018

Ved Det Medisinske fakultet, Klinisk institutt 2 er det ledig ei mellombels stilling som forskar (100 %) for ein periode på 21 månader.

Stillinga er knytt til prosjektet ”Biomarkers reflecting the activation of the vitamin B6-dependent kynurenine pathway and inflammation as predictors of lung cancer within the LC3 cohort”, finansiert av Kreftforeningen.

Prosjekt

Prosjektet er ei prospektive undersøkelse av risiko for lungekreft innanfor ein multisenter kohort, som omfattar blodprøvar frå 11000 personar rekruttert frå 22 sentre i Europa, USA, Asia og Australia, organisert under the Lung cancer cohort consortium (LC3).

Hovudoppgåver

Den som innehar stillinga skal bruke og vidareutvikle statiske modellar tilpassa undersøkingar av prospektive assosiasjonar mellom vitamin B6-relaterte biomarkørar og framtidig lungekreft innanfor LC3 kohorten.

Oppgåvene omfattar statistiske analysar og oppbygging av syntaks ved bruk av programma R og SAS.

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Per Magne Ueland, e-post [email protected] , tlf. +47 55973147.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjar må ha relevant ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad.
  • Det er naudsynt at forskaren har vitskaplege kvalifikasjonar innan biostatistikk, og bruk av programpakkene R og SAS.
  • Erfaring frå epidemiologisk forsking vil og bli tillagt stor vekt.
  • Det er naudsynt at vedkomande har erfaring med utarbeiding av vitskapelege artiklar og prosjektsøknadar.
  • Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane.
  • Det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid.
  • Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk.
  • Kandidaten må vere motivert og ansvarleg, ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.

Vi kan tilby

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 515 200 – 544 400 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Løn er under justering
  • Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Du sender søknaden med vedlegg elektronisk via Jobbnorge ved å klikke på knappen merka «Søk på jobben».

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid (pdf) du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • Doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på jobben