Stilling:

Forskar (Institutt for biomedisin)

Søknadsfrist 2. september 2018

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjektet «A corrective therapy for acute intermittent porphyria», finansiert av BIOTEK2021 programmet til Norges forskingsråd. Prosjektet har ei førebels finansiering på 2 år og 9 månader.

Arbeidsstad er ved Institutt for biomedisin, Jonas Liesvei 91.

Om instituttet/prosjekt

Prosjektet vil bli utført på Biorecognition Research Group (https://www.uib.no/rg/martinez) i samarbeid med Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisjukdommar (NAPOS; Haukeland Universitetssjukehus, Helse-Bergen) og Bergen teknologioverføring AS (BTO).

Hovudføremålet med dette proof-of-concept-prosjektet er å utvikle ei farmakologisk chaperon-basert terapi for ein porfyri-subtype som, forskjellig frå dagens behandlingar som berre lindrar symptom, gjer både ein effektiv behandling og hindrar anfall.

Hovudoppgåver

Hovudaktivitetane til forskaren er:

1. Samarbeid i medisinsk kjemiaktivitet, og bidra til hit-utvidinga og «hit-to-lead» optimalisering gjennom syntese av derivater av hovud-hit for målenzym.

2. Eksperimentelle og berekningsmessige bindingsanalyser ved «differential scanning fluorimetry (DSF), surface plasmon resonance (SPR), isothermal titration calorimetry (ITC)» i krystallstrukturen av målenzym.

3. Utforske og definere struktur-aktivitetsrelasjonar (SAR) gjennom hit-utvidinga og «hit-to-lead» optimalisering.

4. Utføre analysar av hit-funksjon i eit cellulært system, analyse av farmakologisk chaperoneffekt ved immunkvantifisering og enzymatisk aktivitet av målenzym.

5. Samarbeid med medisinsk kjemikar som utfører ADME / PK analysar for lead optimalisering.

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg tilprofessor Aurora Martinez, e-post aurora.martinez@uib.no, tlf. +4755586427.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • søkjar må ha relevant ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad, fortrinnsvis innan kjemi, biokjemi og farmasi.
  • det er ønskjeleg at forskaren har vitskaplege kvalifikasjonar og erfaring innan teknikkar og aktiviteter nemnd i avsnittet "Hovudoppgåver" ovanfor, spesielt innan enzym involvert i genetiske stoffskiftesjukdommar eller konformasjonssjukdommar generelt
  • forskarar som har gjennomført ein vellykka protokoll i utvikling av legemidlar, er spesielt velkomne til å søke denne stillinga.
  • det er ønskjeleg at vedkomande har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
  • evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk, og norsk kunnskap er ein føremon.
  • det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid

Vi kan tilby

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan genetiske stoffskiftesjukdommar, screening og utvikling av legemidlar
  • løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 508 800 – 537 700 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Løn er under justering
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten iforskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad

Du sender søknaden med vedlegg elektronisk via Jobbnorge ved å klikke på knappen merka «Søk på jobben».

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Web: www.uib.no

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS