Stilling:

Forskar i klimaprediksjon

Søknadsfrist 30. september 2018

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei fast stilling som forskar i klimaprediksjon. Stillinga er finansiert av eksterne midlar. Dei første 36 månadane er stillinga finansiert av eit prosjekt frå Bergen forskningsstiftelse.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til Bjerknes Climate Prediction Unit (BCPU), som er ein del av Bjerknessenteret for klimaforsking. BCPU har som mål å predikere klimaet i Atlanterhavet og Arktis frå sesong til fleire år framover. Det vil vere synergiar med andre pågåande prosjekt, som EU H2020-prosjektet Blue Action: Arctic Impact on Weather and Climate (http://blue-action.eu), Forskningsråd prosjektet Arven etter Nansen (https://arvenetternansen.com), og NordForsk prosjektet Nordic Excellence Center ARCPATH (http://www.ncoe-arcpath.org).

Målet med denne stillinga er å forbetre forståinga av klimaprediksjonsavgrensingar. Stillinga vil fokusere på Atlanterhavet og Arktis, men med eit globalt perspektiv. Forskinga vil gå ut på å utforme, utføre og analysere klimaprediksjonseksperimenta og å utvikle eit hierarki av modellar for å representere mekanismane som bidrar til klimaprediktabilitet. Forskingsarbeidet for denne stillinga vil bli utført i nært samarbeid med utviklarane av den norske klimamodellen og den norske klimaprediksjonsmodellen og andre grupper som arbeida med dataassimilering og biogeokjemi.

Kvalifikasjonar og eigenskaper:

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor matematikk, fysikk, meteorologi, oseanografi, klimadynamikk eller annen relevant disiplin innan søknadsfristen er ute
  • Omfattande erfaring med utvikling og bruk av jordsystemmodellar og klimaprediksjonsmodellar er eit krav
  • Erfaring med analyse og handtering av klimamodelldata er eit krav
  • Erfaring med databehandling med høy yting er eit krav
  • Særsgode programmeringsevner i Fortran og noen andre programmeringsverktøy som idl, ncl, Matlab og cdo er eit krav
  • Kunnskap om klimadynamikk i Nord-atlanteren og ved høye breddegradar er ønskeleg
  • Erfaring med modellsystema (f. eks. NorESM, MPIESM, ECHAM, WACCM) som brukas i forskingsgruppa er ønskeleg.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilheitleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Følgjande premiss er lagt til grunn for stillinga

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet hører innunder.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren, og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa.
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk.

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter kroner 515 200,- brutto per år (kode 1109) etter hovudtariffavtalane i staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Noel Keenlyside eller Professor Tor Eldevik Geofysisk institutt.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS