Stilling:

Sjukepleiar (forskingssjukepleiar, 50 %)

Søknadsfrist 24.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Sjukepleiar (forskingssjukepleiar, 50 %)

Ved Klinisk institutt 2, Det medisinske fakultet, er det ledig ei fast stilling som sjukepleiar (forskingssjukepleiar, 50 %). I periodar kan det verte høve for større stillingsprosent.

Stillinga er knytt til Forskingseining for helseundersøkingar (FHU) som er ei nyoppretta forskingseining gjennom eit samarbeid mellom Det medisinske fakultet og Haukeland Universitetssjukehus (HUS) med stønad frå Bergens Forskningsstiftelse (BFS). Eininga har som hovudformål å utføra kliniske studiar på friske og på sjuke personar som ikkje krev ein sjukehusinfrastruktur.

Arbeidsstad er Overlege Danielsens Hus, Årstadsvegen 21, 2.etasje.

Arbeidsoppgåver:

Forskingssjukepleiar vil delta i alle oppgåvene i eininga i samarbeid med ein administrativ og ein vitskapeleg ansvarleg for eininga, og stå for den daglege drifta.

Hovudoppgåva vil vere å planlegge deltakarflyt og logistikk, utføre standarundersøkingar av studiedeltakerar, utfylling av spørjeskjema, registrering av studiedata/-dokumentasjon, blodprøvetaking, i tillegg til bestillingar, innkjøp og oversikt over varebehaldning, budsjett og utgifter angåande forskingsprosjekter.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning og autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant vidareutdanning er ønskjeleg
  • Erfaring frå prosjektarbeid/forsking er ønskjeleg
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt: Vi søkjer ein positiv, engasjert, uredd og fleksibel person som raskt kan sette seg inn i nye oppgåver. Må kunne planlegge og utføre eigne arbeidsoppgåver sjølvstendig, effektivt og nøyaktig, men må og kunne jobbe godt i team
  • Søkjar må beherske norsk munnleg og skriftleg og kunne kommunisere godt skriftleg og munnleg på engelsk

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn som sjukepleiar (kode 807) i lønssteg 47-53 (for tida kr 421 700 - 464 800 for ei fulltidsstilling). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • FHU sin leiar, professor Francisco Gómez Real, e-post: francisco.real@uib.no, tlf.: 91561146

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS