Stilling:

Stipendiatstilling ved Det juridiske fakultet

Søknadsfrist 25. januar 2019

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei stipendiatstilling i rettshistorie.

Normal åremålsperiode for stillinga er fire år med 25 prosent pliktarbeid. Åremålsperiode med pliktarbeid blir vurdert særskilt etter søkjaren sine kvalifikasjonar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Det er ein føresetnad at du har levert masteroppgåva innan søknadsfristen, og at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Du må gjennom karakternivå og/eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av faget
  • Du må ta aktivt del i utviklinga av eit godt fagmiljø

Om stipendiatstillinga

Administrasjons- og undervisningsspråket på fakultetet sitt doktorgradsprogram er til vanleg norsk. Eventuell undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB.

Prosjektskildringa bør vere på ca. 10 sider, og ho skal innehalde ein plan for gjennomføringa av prosjektet og forskarutdanninga. Prosjektskildringa skal følgje dei krava til innhald som står i rettleiinga for prosjektskisser.

Om forskarutdanninga:

I tillegg til å fylle det generelle kravet for tilsetjing, må søkjarane fylle kravet for opptak på fakultetet sitt ph.d.-program.

Du må fylle ut skjemafor opptak på ph.d.-programmet og leggje dette ved søknaden.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 53/58 (kode 1017/LR 20) ut frå relevant praksis. Dette ligg for tida i spennet mellom 464 800,- og 505 800,-. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektskildring og framdriftsplan
  • CV
  • Skjema for opptak på ph.d.-programmet
  • Kopiar av vitnemål og attestar. Vitskaplege arbeid og liste over desse (publikasjonsliste)
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved offisiell dokumentasjon som viser kva for karakterar på vitnemålet som er på eit høgt fagleg nivå, og kva for kriterium som ligg til grunn for ei slik vurdering
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må òg leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet, karakterutskriftene og tilleggsdokumentasjonen ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarer med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.

Du må laste opp søknad og vedlegg i Jobbnorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillingen».

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillingane kan du få ved å vende deg til;

  • Førstekonsulent Lise Engelbreth ved Det juridiske fakultet, tlf. 55 58 96 78, eller til
  • Prodekan for forsking Anne Marie Frøseth, tlf. 55 58 95 49

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Det kan bli aktuelt å gjennomføre intervju før vedtak om tilsetjing i stillinga.

Vi viser elles til rettleiing for søkjarar til stipendiatstilling som du finn på denne nettsida:

http://www.uib.no/jur/24432/reglement-og-retningslinjer.

Søknadsfrist: 25. januar 2019

Søknaden skal merkast: 18/15094

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS