Stilling:

Stipendiatstilling i utdanningsforsking eller biologididaktikk ved Senter for framifrå utdanning i biologi (bioCEED)

Søknadsfrist 1. januar 2019

Ved Institutt for biovitskap, UiB, er det ledig ei stilling som stipendiat i utdanningsforsking på høgare utdanning, knytt til Senter for framifrå utdanning i biologi (bioCEED). Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervising).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

bioCEED har som mål at studentane gjennom biologiutdanninga skal utvikle grunnleggjande vitskapleg dugleik og haldningar, samtidig som dei vert budd på å løyse viktige problem i vitskap, industri, næring og samfunn. bioCEED er spesielt engasjert i utvikling av, og forsking på:

  • studentaktive læringsformer i biologi, blant anna studentaktiv felt- og laboratorieundervisning og styrking av overførbare ferdigheiter
  • samarbeid mellom forsking, næringsliv, forvaltning og utdanningssektoren om å integrere praksis i utdanningane.
  • undervisingskultur og undervisarkollegiet, inkludert meritteringssystem for undervisning
  • forholdet mellom læring, undervising og vurdering.

Stipendiaten skal arbeide i ei tverrfagleg gruppe med pedagogar, biologar og undervisingsutviklarar. Saman med senterleiinga vil stipendiaten ha eit særskilt ansvar for utvikling og evaluering av dei pedagogiske elementa og verkemidla som vert nytta i biologiutdanning og i undervisarane si profesjonelle utvikling. Undervisinga skal være forskingsbasert og legge til rette for økt engasjement og læring.

I samråd med rettleiar og senterleiinga vil stipendiaten utarbeide forskingsprosjekt knytt til utvikling, gjennomføring og evaluering av kvalitetsfremjande tiltak i høgare utdanning og/eller undervisings- og vurderingsopplegg i biologiutdanningane.

Stipendiaten vil undersøke ulike lokale eller nasjonale tiltak for undervisingsutvikling, pedagogisk utvikling og studiekvalitet. Undersøkinga kan fokusere på individ-, einings-, institusjon-, og sektornivå, samt effektar på organisasjonskultur, og i samfunnet meir generelt.

Dette kan for eksempel innebære å:

  • Samle data på studentane sine haldningar, motivasjon, praksis, læringsstrategiar og læringsutbytte.
  • Undersøke effektar av pedagogiske og organisatoriske tiltak på studentane sin motivasjon, praksis, og læringsutbytte.
  • Samle data på undervisarane sin undervisningspraksis, haldningar, motivasjon, og undervisningsstrategiar
  • Undersøke effektar av pedagogiske og organisatoriske tiltak på undervisarane og på undervisningskvaliteten

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan eit fagfelt som er relevant for bioCEED, til dømes biologididaktikk, pedagogikk, biologi, psykologi, samfunnsvitskap, filosofi eller nærliggjande fagfelt. Eventuelt må søkjar ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå utvikling og analyse av høgare utdanning, undervisning, kvantitativ og/eller kvalitative analysar, spørjeundersøkingar, tekstanalyse, og/eller vurdering av læring og læringsutbytte er eit føremon.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Du må ha god munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk og engelsk.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • Eit spennande, tverrfagleg, innovativt og fagleg utforfordrande arbeidsmiljø ved eit Senter for framifrå utdanning (SFU)
  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20 alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400 brutto.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev med ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjonen for å søkje stillinga
  • Eit perspektivdokument (maksimalt 2 sider) der du gjer greie for dine forskingsinteresser inn mot prosjektet.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar, inkludert masteroppgåve og innsendte manuskript

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Senterleiar Professor Vigdis Vandvik, Institutt for biovitskap, Universitetet i Bergen (vigdis.vandvik@uib.no, telefon +4747301794)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS