Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiatstilling i kunstnarleg utviklingsarbeid

Søknadsfrist: 01.08.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiatstilling i kunstnarleg utviklingsarbeid

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig stilling som stipendiat (100 %) knytt til prosjektet «Matter, Gesture and Soul». Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Matter, Gesture and Soul, er eit kryssdisiplinært kunstnarleg forskingsprosjekt som har oppstått i møtet mellom visuell kunst og arkeologi. Prosjektets fremste mål, er å skape eit bredt utval sjølvstendige og samhandlande kunstnarlege, poetiske og vitskapelege uttrykk som tek for seg menneskets spor frå steinalderen til vår eigen tid. Prosjektet vil også sjå på samtidskunstens bruk av arkeologiske metodar og tankesett slik dette blir beskrive i Dieter Roelstraetes essay: «The Way of the Shovel,» frå 2009.

Prosjektet vil søkje etter ei djup forståing av det pre-historiske- og samtidige kunstnarlege uttrykk og dei moglege samanhengane mellom dei.

Eit sentralt mål for prosjektet er å utforske samanhengane mellom arkeologi og samtidskunst i eit kunstnarleg formspråk. For å styrke denne kryssdisiplinære kunstnarlege tilnærminga, søkjar vi etter ein kunststipendiat med eit sterkt og sjølvstendig kunstnarleg forskingsprosjekt innanfor prosjektets tematiske rammeverk. Denne kunststipendiaten, forventast å delta på prosjektets aktivitetar samt være ein del av den nasjonale forskarskulen i kunstnarleg utviklingsarbeid.

Søkjarane blir bedne om å orientere seg om profilen i kunstnarisk utviklingsarbeid ved institutta og fakultetet i utforminga av prosjektet, sjå: https://kmd.uib.no/no/forskning.

Prosjektskildringa:

Prosjektskildringa skal plassere prosjektet i eit fag/forskingsfelt, og framstille tema, problemstillingar, kontekst, metode, og val av arbeids- og presentasjonsformer. Prosjektskildringa skal godtgjere prosjektet si plassering i og relevans for fagmiljøet ved institusjonen, og gjere greie for særlege behov for faglege og materielle ressursar, samt eventuelle rettslege og etiske problemstillingar. Du må opplyse om potensielle samarbeidsinstitusjonar og -partnarar. Vi ber òg om ein separat framdriftsplan for ulike delar av arbeidet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha mastergrad i kunst eller tilsvarande utdanning. Graden må vere fullført innan søknadsfrist.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017/LR20:10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 479 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektskildring på maksimalt 3000 ord.
  • Dokumentasjon av relevant kunstnarisk verksemd.
  • Dokumentasjon av formell faglig kompetanse.
  • Tidsplan.
  • Budsjett (sjå vår nettside).
  • Forslag til rettleiar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, må ein laste opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Frans Jacobi på tlf. + 47 - 55 58 73 00 / + 45 271 11 715

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS