Stilling:

Stipendiatstilling i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Griegakademiet - Institutt for musikk

Søknadsfrist 24.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiatstilling i kunstnarleg utviklingsarbeid

Ved Griegakademiet – institutt for musikk er det ledig stilling som stipendiat (100 %) i kunstnarleg utviklingsarbeid innan fagområdet musikkutøving eller komposisjon. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med 25 % pliktarbeid. Pliktarbeidet kan vere i form av undervising, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet må høyre inn under fagområda musikkutøving eller komposisjon. Ved Griegakademiet famnar desse fagområda breidde og ulike musikalske sjangrar. Instituttet har studietilbod med BA og MA i fagområda med studieretningar innan klassisk, jazz, tradisjonsmusikk og komposisjon. Prosjekt som går på tvers av ulike sjangrar er og mogleg.

Søknaden vil verte vurdert i lys av kunstnarleg verksemd og forskingskompetansen ved instituttet. Søkjarane blir bedne om å orientere seg om profilen i kunstnarleg utviklingsarbeid ved institutt og fakultetet i utforminga av prosjektet, sjå: https://kmd.uib.no/no/forskning.

Prosjektskildringa:

Prosjektskildringa skal plassere prosjektet i et fag/forskingsfelt, og framstille tema, problemstillingar, kontekst, metode, og val av arbeids- og presentasjonsformer. Prosjektskildringa skal godtgjere prosjektet si plassering i og relevans for fagmiljøet ved institusjonen, og gjere greie for særlege behov for faglege og materielle ressursar, samt eventuelle rettslege og etiske problemstillingar. Du må opplyse om potensielle samarbeidsinstitusjonar og samarbeidspartnarar. Vi ber òg om ein separat framdriftsplan for ulike delar av arbeidet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha mastergrad i utøvande musikk, komposisjon eller tilsvarande utdanning. Graden må vere fullført innan søknadsfrist
  • Søkjarar må ha erfaring med kunstnarleg praksis og produksjon på høgt nasjonalt eller internasjonalt nivå
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane

For stillinga gjeldt følgande:

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1017/LR20:9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 449 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektskildring på maksimalt 3000 ord.
  • Dokumentasjon av relevant kunstnarisk verksemd i form av lyd- og/eller vidoeopptak.
  • Dokumentasjon av formell faglig kompetanse.
  • Tidsplan.
  • Budsjett (sjå vår nettside)
  • Forslag til rettleiar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Randi Rolvsjord på tlf. + 47 - 55 58 73 00/ + 47 97514878

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS