Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Søknadsfrist: 14.08.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Stipendiat ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som stipendiat for 4 år. 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Instituttet har ein profil som eit statsvitskapleg fag basert på i organisasjonsfagleg tilnærming til studiet av offentleg politikk, offentleg administrasjon og politiske institusjonar. Før du skriv søknaden og prosjektskildringa bør du sjå nærare på forskingsprofilen til instituttet og særleg på dei fire forskingsgruppene og dei forskingsprosjekta som er tett relaterte til deira respektive fokusområder, sjå http://www.uib.no/admorg

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Mastergrad i statsvitskap eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Graden må vera oppnådd innan søknadsfristen.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden samla.
  • Du må vera sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet og ha entusiasme for forsking.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga: Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidligare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i forskarutdanninga ved UiB. Utdanninga har ein normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av utdanningsbakgrunnen må minst svare til femårig, norsk masterutdanning, inklusive ein toårig mastergrad som omfattar ei masteroppgåve. Mastergraden skal være innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Vi kan tilby

  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017) ved tilsetjing. Dette utgjer for tida ei årsløn på
  • kr. 472 300 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider). Prosjektskildringa skal gjera greie for tema, problemstillingar og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vera grunnlag for opptak til forskarutdanninga.
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bedne om å sende inn ein oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge, sjå link på denne sida ”Søk stillinga”.

Søknadsfristen er 14. august 2019, og søknaden må merkast: 19/5745

Generell informasjon

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgjevar - HR, Even Michael Endresen, e-post: even.endresen@uib.no

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si forskarutdanning. Nærare opplysningar om forskarutdanninga kan ein finna her.

Eventuelle spørsmål om forskarutdanninga kan rettast til rådgjevar Hanne Gravermoen, e-post: hanne.gravermoen@uib.no

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegla mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttera personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkja stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS