Stilling:

Stipendiat ved DIGSSCORE

Søknadsfrist 03.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om det Samfunnsvitskaplege fakultetet.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved senteret DIGSSCORE (Digital samfunnsvitskapleg kjernefasilitet), Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som stipendiat i politisk sosiologi. Stillinga vil bli knytt til det instituttet ved SV-fakultetet der kandidatens hovudrettleiar høyrer heime.

Om DIGSSCORE:

DIGSSCORE er ein digital samfunnsvitskapleg kjernefasilitet som har sitt utspring i Norsk medborgarpanel som vart etablert som eit internettpanel til bruk for digital surveyforsking ved Universitetet i Bergen 2012. Medborgarpanelet vart i 2016 utvida med eit Medborgarlaboratorium og infrastrukturen er no finansiert av ei 5-årig tildeling frå UiB og Bergen forskingsstiftelse (BFS).

Infrastrukturen bidrar til å gje kunnskapsgrunnlag for å møte fleire av dei store samfunnsutfordringane, som til dømes klima, inkludering og menneskerettar, samfunnstryggleik, og helse. Mange prosjekt nyttar seg no av data samla inn gjennom kjernefasiliteten. Forskingsgruppa knytt til DIGSSCORE er internasjonalt leiande og har fått toppevaluering i den nasjonale evalueringa av samfunnsfaga, SAMEVAL. SV-fakultetet oppretta ved utgangen av 2018 Senteret DIGSSCORE for å fasilitere institusjonalisering og vidareutvikling av initiativet.

Det vert no utlyst ei stilling som ph.d.-kandidat ved senteret DIGSSCORE. Vi søker kandidatar som brenn for å nytte dei unike forskingsdata som vert generert ved DIGSSCORE, samt høvet til å generere eigne data, til å svare på sentrale problemstillingar innan feltet politisk sosiologi. Store endringsprosessar som globalisering, digitalisering, energiomstilling, og migrasjon påverkar ikkje alle medborgarar likt og vert heller ikkje opplevd likt. Vi inviterer til prosjektskisser som vil bringe ny kunnskap om korleis ulike grupper i samfunnet opplever og vert påverka av slike sentrale endringsprosessar i vår tid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i statsvitskap eller sosiologi eller tilsvarande norsk eller utanlandsk utdanning. Graden må vera avlagt innan søknadsfristen.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
  • Erfaring frå analyse av surveydata er eit krav.
  • Erfaring med munnleg og skriftleg formidling av forsking til et breitt publikum i Noreg vil vere ein føremon.
  • Gode norskkunnskapar
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Stor arbeidskapasitet og ha entusiasme for forsking

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling ved senteret DIGSSCORE. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i forskarutdanninga ved UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leier fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av utdanningsbakgrunnen må minst svare til femårig, norsk masterutdanning, inklusiv ein toårig mastergrad som omfattar ei masteroppgåve. Mastergraden skal vere innan det fagområdet det vert søkt opptak om.

Om prosjektet: Kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstillingar og val av teori og metode. Kandidatane vert spesielt oppmoda til å framheve kvifor data generert ved DIGSSCORE vil vere nødvendige for avhandlinga. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til forskarutdanninga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 (Lpl.17.515, st. kode 1017, LR20.9) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr.449 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du bli bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd
  • Eitt eller to eksempel på forskingsformidling på norsk.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida «Søk på jobben».

Søknaden må merkast: 19/125

Søknadsfrist: 3. februar 2019

Søknadar utan prosjektskisse eller søknadar som vert sendt på e-post vil ikkje bli vurderte.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Elisabeth Ivarsflaten, e-post eiv001@uib.no eller tlf. 55 58 24 60

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til:

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si forskarutdanning. Nærare opplysningar om forskerutdanninga finner du på fakultetet sine nettsider. Eventuelle spørsmål om forskarutdanninga kan rettast til rådgjevar Hanne Gravermoen, e-post: hanne.gravermoen@uib.no, phone: +47 55 58 90 68.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS