Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat (ph.d.-stilling) i anvendt økologi

Søknadsfrist 10.04.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i anvendt økologi

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som stipendiat i anvendt økologi. Stillinga er og knytt til UNESCO Chair ved UiB innan «Berekraftig arv og miljøforvalting – natur og kultur». Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Menneskeleg arealbruk har resultert i ein utbredt førekomst av såkalla 'temma økosystem' eller sosialøkologiske system (SES). I antropocenen blir ikkje økosystemtenester (ES) generert av økosystem aleine, men av desse SES. Naturlege og menneskeskapte klimatiske og miljømessige endringar er drivkrafta til endring av arealbruk, som påverkar til dømes urbaniseringsratar og mønster, landbruk, beitebruk, skogbruk, rekreasjon og turisme. Arealbruk i sin tur påverkar naturressursar, kulturmiljø og sosial utvikling, og skaper komplekse samspel som stadig endrast. UNESCOs MAB-program legg vekt på å skalere ned fokuset ved å involvere menneske der dei faktisk bor og verkar. Styring av vår forsking og handlingar mot nye løysingar gjennom ei heilskapleg tilnærming er eit nødvendig skritt i retning av bærekraftig utvikling, som indikert i FNs 2030 Agenda.

Kartlegging og analyse av trade-offs mellom ES er ein viktig del av kunnskapsbasert forvalting. Ph.d.-kandidaten vil fokusere på endring av arealbruk: effektar på økosystem, økosystemtenester og kulturmiljø. Hovudmåla er å kartleggje og vurdere utvalde økosystem og deira tenester, kartleggje og dokumentere kunnskap og oppfatningar av økosystem og økosystemtenester knytte til skiftande befolkningstrykk og arealbruk, og skape folkeforskingsprosjekt for å fremje samproduksjon av kunnskap i Nordhordland. Kandidaten skal også foreta komparative studiar mellom Nordhordland og svenske biosfæreområde, og eventuelt andre biosfæreområde. Dette vil bidra til å forbetre vår forståing av samanhengar mellom arealbruk, miljøkvalitet, biologisk mangfald og økosystemtenester i eit berekraftsperspektiv. Ph.d.-kandidaten skal arbeide med prosessar knytte til sosialøkologiske system, i samarbeid med UNESCO Chair, og som del av eit team av ekspertar innan økologi, geografi, filosofi og samfunnsvitskap. Han / ho vil også arbeide tett med andre UNESCO-partnarar og -prosjekt, i tråd med UiB-UNESCO-kontrakten.

Ph.d.-kandidaten må

  • utforme og gjennomføre feltundersøkingar / intervju og folkeforskingsprosjekt for å kartleggje og vurdere utvalgte økosystem og deira tenester og ulike oppfatningar av økosystemtenester blant innbyggjarane i Nordhordland
  • engasjere seg i samarbeidsprosjekt i det føreslåtte UNESCO Nordhordland biosfæreområde og eventuelt andre område
  • finne vegar mot overgangen til berekraftig arealbruk og ei holistisk forvalting av naturressursar
  • hjelpe til å samle data frå verdsnettverket av Biosphere Reserves for meta-analyse, i nært samarbeid med partnarar frå UENSCO si arbeidsgruppe
  • utvikle eigne forskingsspørsmål og hypotesar knytte til sosialøkologiske system og berekraftig utvikling
  • analysere data og skrive og publisere forskingsartiklar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande innan økologi, zoologi, botanikk, geografi, samfunnsvitenskap eller relaterte relevante fag, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha ein bakgrunn som gir god forståing for økologi, sosialøkologiske system, naturressursforvalting og FNs berekraftsagenda.
  • Søkjarar må ha erfaring i økologisk og/eller samfunnsvitskapleg feltstudiar, relevant statistisk kunnskap/erfaring, programmeringsbakgrunn og dessutan kritisk tenking og skriveferdigheiter. Erfaring med tverrfagleg arbeid og «citizen science» er ein fordel.
  • Forsking er ein gruppeinnsats, og alle medlemma må vere forberedt på å bidra til felles aspekt av feltarbeid, meta-analysar, analysearbeid, søknadskriving og diskusjonar, og bistå andre med liknande oppgåver i tillegg til å jobbe med eige forskingsprosjekt. Derfor må kandidaten og ha gode kommunikasjonsferdigheiter og like samarbeid som del av eit svært integrert team.
  • Søkjarar må vere sjølvmotivert, med evne til å jobbe sjølvstendig.
  • Søkjarar må vise høgt nivå i både skriftleg og munnleg engelsk. Kunnskap om eit skandinavisk språk er ein fordel.
  • Søkjarar må vise evne og entusiasme for å jobbe i ei interkulturell og tverrfagleg gruppe.
  • Førarkort er ein fordel.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit spennande og profesjonelt utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017/LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr. 449 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ein forskingsplan (maksimalt 2 sider) som beskriver dine forskingsinteresser knytte til sosialøkologiske system og berekraftig utvikling
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå mastergåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar i ditt namn, inkludert masteroppgåva og innsendte manuskript

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Inger Elisabeth Måren, Institutt for biovitskap inger.maaren@uib.no / +47 412 85 126)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS