Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat (lektorutdanning) - Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 12.05.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det humanistiske fakultet er det ledig ei stilling som stipendiat knytt til lektorutdanninga:

https://www.uib.no/hf/25403/lærarutdanning-ved-det-humanistiske-fakultet.

Lektorutdanninga er eit viktig satsingsområde ved Universitetet i Bergen, og Det humanistiske fakultet tilbyr i dag tre 5-årige lektorprogram: Lektor i nordisk, lektor i framandspråk (engelsk, fransk, spansk eller tysk) og lektor i historie eller religionsvitskap. Fakultetet tilbyr og fagdidaktiske emne både til lektorutdanning og til PPU i faga nordisk, engelsk, tysk, fransk, spansk, historie, religionsvitskap og filosofi.

Lektorutdanninga ved Universitetet i Bergen er kjenneteikna ved ein desentralisert modell der stillingar i fagdidaktikk er lagde til disiplinfaga. Dette gir disiplinfaglege miljø eit tydeleg ansvar for lektorutdanninga og fremjer integrasjon mellom fagdidaktikk og disiplinfag.

Søkjarane skal legge ved ei prosjektskisse som skal vere fagdidaktisk innretta og relevant for lektorutdanninga innan humaniora ved norske universitet. Prosjektet bør vere innretta mot aspekt ved integrasjonen mellom fag og fagdidaktikk, og kva slik integrasjon inneber for dei humanistiske faga som er involverte i lektorutdanninga og for denne utdanninga som heilskap. Det vil vere ein føremon om prosjektet tek opp komparative perspektiv både mellom fag og på tvers av institusjonar og land.

Om stipendiatstillinga

Åremålsperioden for stillinga vil vere tre eller fire år, avhengig av søkjarens kvalifikasjonar. Ved ei fireårig tilsetjing vil 25 % av stillinga vere pliktarbeid. Pliktarbeidet kan være undervising, eksamensarbeid, rettleiing, praksisbesøk og skulesamarbeid, eller andre faglege oppgåver knytt til lektorutdanninga.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje stillinga.

Tilsetjing i stipendiatstillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarane må

  • ha norsk mastergrad eller tilsvarande innanfor eit relevant fagfelt
  • ha evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • meistre engelsk og norsk (eller eit anna skandinavisk språk) skriftleg og munnleg
  • ha kjennskap til det norske skuleverket

For søkjarar utan norsk mastergrad vil utdanninga bli vurdert opp mot krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT). Dokumentasjon for utanlandsk utdanning kan bli sendt til NOKUT for vurdering.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn tilsvarande lønssteg 51 (kode 1017/LR 20, alt. 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 000,- brutto. Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGA». Dette må vere inkludert i søknaden:

  • Eit søknadsbrev som inneheld ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV
  • Prosjektomtale (inntil 5 sider, ikkje medrekna litteraturliste) som skisserer eit forskingsprosjekt knytt til lektorutdanninga ved fakultetet.
  • Framdriftsplan for prosjektet.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad (skanna originalar eller bekrefta kopiar).
  • Relevante attestar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Marie von der Lippe, leiar for Programutvalet for lektorutdanninga ved Det humanistiske fakultet, telefon: 55 58 24 45 / 95 79 66 45 , e-post: marie.lippe@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillingane.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

I tillegg gjeld følgjande krav:

http://www.uib.no/hf/21760/veiledning-s%c3%b8kere-til-stipendiatstillinger.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

Aktuelle søkjarane blir kalla inn til intervju før innstilling om tilsetjing blir gjort.

Søknadsfrist: 12.05.2019

Merk søknaden: 19/4556

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS