Stilling:

Stipendiat innan paleoøkologi / paleoklima / økosystem endring

Søknadsfrist 4. januar 2019

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som stipendiat i paleoøkologi/paleoklima/økosystem endring. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid, og er knytt til prosjektet «Effects and responses to changing environments in the sub-Antarctic» og forskingsgruppa Ecological and Environmental Change Research Group.

Om prosjektet

Det finst lite høgoppløyselege data om endringar i fortida sin vegetasjon, klima og miljø frå øyane på den sørlege halvkule. I dette prosjektet vil meir data bli framskaffa gjennom analysar av biologiske proksier frå innsjøsediment henta frå øyane Sør-Georgia og Kerguelen. Paleoøkologiske arkiv vil gjere det mogleg å forstå artar og økosystem sine responsar på endringar i ratar kopla til klimaendringar som er lik dei som er anteke for framtida. Prosjektet har tilgjengeleg innsjøsediment frå den holosene perioden og nokre av problemstillingane som skal undersøkjast er korleis vegetasjon, utbreiinga av artar og biodiversiteten endra seg i dei siste 10 000 år, kan dei biologiske data brukast til å rekonstruere fortidas klima, kan vi sjå endringar i vestavinds beltet på den sørlege halvkule og korleis er effekten av dei naturlege klimaendringane på dei utvalde lokalitetane.

Arbeidsoppgåver vil kunne inkludere:

  • Pollen og makrofossilanalyse frå innsjøsediment
  • Analysar av sedimentært DNA
  • Sedimentanalysar og utnytting av tidlegare innsamla data
  • 14C dateringar og utvikling av aldersmodellar
  • Rekonstruksjon av vegetasjon, klima og miljø frå fortida
  • Modellering av vegetasjon og landskap frå fortida

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i biologi, økologi, paleoøkologi, paleoklima, fysisk geografi eller relaterte felt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Røynsle med paleoøkologiske felt- og labmetodar og/eller vegetasjonsøkologiske studiar, innsamling og analyse av paleoøkologiske og paleoklimatiske data er ein føremon.
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Anne E. Bjune, Institutt for biovitskap, e-post: anne.bjune@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS