Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i vassisotop meteorologi

Søknadsfrist 03.04.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiati vassisotop meteorologi

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i vassisotop meteorologi med fokus på modellevaluering i Arktiske områder. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år med 25 % av tida beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til ERC Consolidator Grant prosjektet ISLAS (Isotopic Links to Atmospheric Water’s Sources), finansiert gjennom programmet EU-H2020.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Om prosjektet:

Den sentrale målsetninga i ISLAS prosjektet er innsamlinga av eit ny høgoppløyst datasett som speglar isotopsamansettinga i vassdamp i eit område som omfattar det norske havet. Isotopsamansetningen skal ble observert langs den fullstendige transporthistoria av vassdamp med bruk av moderne instrumentering og metodar for prøvetaking, inkludert forskingsfly og målingar på bakken. Kunnskap frå målingane skal implementerast i avanserte modellar, og muliggjør skilnad mellom modellfeil frå ulike prosessar, som fordamping, numerisk diffusjon, konveksjon og mikrofysikk.

Som stipendiat vil du være ein del av den nasjonale forskarskolen på klima - Changing Climates in the Coupled Earth System (CHESS) og være knytt til Bjerknessenteret. Bjerknessenteret er det største naturvitenskapelige forskingssenteret på klima i Norden og har eit svært internasjonalt miljø med over 200 forskarar frå 37 land.

Arbeidsoppgåver:

Kandidaten vil bruke nye målingar av isotopsamansetning frå forskningsfly og land i vassdamp og nedbør til validering av vass-syklusen i isotop-baserte vêr- og klimamodellar. Målsetjinga er å identifisere korleis isotopsignalet som vasskjelder lager gjennom vêrhendingar, f.eks. i kaldluftutbrudd og atmosfæriske elver, påverkast av ulike atmosfæriske prosessar. I første delen av oppgåva skal det skapast ein testområde til planlegging av Lagranske eksperiment med fly, som omfattar regionale modelldata med vasstracers, trajektoriemodellar, og andre komponentar basert på operasjonell vêrvarslinga. I den andre delen samlast ein inn vassisotopmålingar med bruk av forskingsfly og bakkeobservasjonar i Arktiske områder, som da brukast til å validere vass-syklussen til modellane. Den utfordrande ph. d. prosjektet vil opne opp muligheiter til en unik samansetning av arbeid i felt og med modelldata, og skal tett integrerast i den større ISLAS prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i meteorologi, klimadynamikk, fysikk, matematikk, eller eit anna relevant fag
  • Erfaring og interesse i meteorologi og klima i Arktiske områder
  • Interesse i vitskapelege og tekniske aspektar av feltarbeid
  • Erfaring med vitskapeleg scripting, programmering og dataanalyse (f. eks. Python, Matlab, R, C++, FORTRAN)
  • Prov på sjølvstende innan forsking og sterke skriftlege eigenskapar
  • Søkjarar må ha gode kunnskapar i engelsk, både skriftleg og munnleg
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Søkarar må kunne kommunisere aktivt og ha gode samarbeidsevner passande for ei større gruppe

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til undervisning. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 4 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta

Vi tilbyr:

  • ein unik sjanse til å kombinere akademisk forsking med operasjonell vêrvarsling
  • deltaking i miljø som utviklar neste-generasjon operasjonelle vervarslingsmodeller for Arktis
  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS