Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i universitetspedagogikk

Søknadsfrist 10.04.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet er det frå 1. august 2019 ledig ei stilling som stipendiat i universitetspedagogikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Universitetet i Bergen vil vidareutvikle universitetspedagogikk både lokalt og nasjonalt gjennom å rekruttere talentfulle forskarar til feltet.
  • Stipendiaten vil ha eit spesielt ansvar for å forske på tiltak som er satt i gang ved universitetet for å betre studentar sitt læringsutbytte, då særleg med omsyn til redesign av undervisningsemne og bruk av alternative vurderingsformer.
  • Hovudfokus vil ligge på analyse og evaluering av pågåande arbeid knytt til redesign av vurderingsmetodar for emne ved ulike fakultet ved Universitetet i Bergen.
  • Arbeidet vil også kunne omfatte tiltak knytt til redesign av undervisningsprogram som stipendiaten, i samråd med rettleiar og andre, sjølv tar initiativ til.
  • Stipendiatprosjektet vil såleis fokusere på spørsmål rundt undervisning og læring eller utdanningsutvikling i høgare utdanning, og då særskild redesign av emne som involverer innovative vurdering og andre læringsstrategiar innan følgjande område:
    • Alternative vurderingsformer;
    • Vurdering for/som læring;
    • Blanda læring og andre digitale læringsmetodar;
    • Andre relaterte område.
  • Rettleiing vil bli gitt av førsteamanuensis Robert Gray.
  • Rettleiar har utarbeida eit grunnlagsdokument for prosjektet. Dette finn du her eller ved å ta kontakt med førsteamanuensis Robert Gray (robert.gray@uib.no).
  • Tilsettinga vil bli gjort på grunnlag av tidlegare utdanningsbakgrunn og akademiske arbeider, samt kvalitet og relevans av søknadsbrev og kort skisse til forskingsprosjekt.
  • Når tilsetting er gjort, vil kandidaten utvikle ein detaljert prosjektplan for arbeidet i samarbeid med rettleiarane. Prosjektplanen må bli godkjent av Det psykologiske fakultet slik at kandidaten blir tatt opp i forskarutdanninga ved fakultetet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må på søknadstidspunktet ha mastergrad eller tilsvarande i pedagogikk, utdanningsvitskap, instruksjonsteknologi, instruksjonsdesign eller liknande.
  • Dokumentert erfaring frå universitetspedagogisk utviklingsarbeid kan vege opp for ein mastergrad frå eit anna fagfelt ein dei som er lista opp ovanfor.
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga
  • Søkaren må kunne jobbe sjølvstendig og på ein strukturert måte og ha evne til å samarbeide med andre.
  • Søkaren må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg. Norsk og engelsk er dei vanlege språka i undervising. Internasjonale søkarar vil bli tilbudd norsk språkopplæring.
  • Det er ei føremon med tidlegare erfaring og/eller dokumentert interesse i universitetspedagogisk utviklingsarbeid, instruksjonsdesign eller liknande.
  • Det er ei føremon å kunne dokumentere gode forskareigenskapar og/eller kunnskap som dekker prosjektskildringa, til dømes gjennom masteroppgåva og/eller gjennom annan forsking/publikasjonar.
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til undervisning ved program for universitetspedagogikk. Eksempel på pliktarbeid vil vere å bidra på/holde kurs i universitetspedagogikk, arrangere workshops, samt delta i konsulent- og komitéarbeid relevant for det universitetspedagogiske feltet. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også verte vurdert iht krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet.

Nærare om forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet her.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 449 000 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkaren sine forskingsinteresser og erfaringar, samt motivasjon for å arbeide med universitetspedagogikk.
  • Ei kort prosjektskildring (maks 4 sider inkludert referansar) der ein skildrar korleis ein vil utforme og utføre forskinga i dette prosjektet (val av teori og metodar) og forklarer kvifor ein er den beste kandidaten til å utføre denne forskinga.
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning).
  • Søkarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkarar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart ein veit ein vil søkje stipendiatstillinga. Dersom ein ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg ein ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden. Nokon utdanningar frå dei nordiske landa kan bli automatisk godkjent, sjå NOKUT.
  • Relevante attestar.
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Eventuelle andre relevante publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Robert Gray, Institutt for pedagogikk, e-post: Robert.Gray@uib.no, tlf.: 55584847

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS