Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i Stabil isotop geokjemi / K.G. Jebsen-senter for dyphavsforskning

Søknadsfrist: 24.10.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for geovitenskap er det ei ledig stilling som stipendiat i stabil isotop geokjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, knytt til K.G. Jebsen-senter for dyphavsforskning.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

K.G. Jebsen-senter for dyphavsforskning fokuserer på multidisplinær forsking i arktiske djuphavsområde. Senteret organiserer årlige djuphavsekspedisjonar for å studere geologi og biologi ved midthavsrygger. Under forskingstokta vert det samla inn data og prøvemateriale ved bruk av moderne undervatnsfartøy.

Stipendiatstillinga er retta mot eksperimentelle forsøk for å avgjere fraksjonering av stabile kopar-isotopar i hydrotermale system. Dette arbeidet skal dann ein grunnleggande bakgrunn for tolkinga av forholdet mellom kopar-isotopar målt i hydrotermale avsetningar, og forbetre vår forståing av prosessane som skjer under havbotnen og som fører til danninga av mineralressursar på havbotnen. Kandidaten skal utføre eksperimenter i eit hydrotermisk laboratorium, måle kopar-isotopar ved hjelp av ein "multi-collector" ICP-MS, og integrere eksperimentelle resultat med data frå bergart- og væskeprøver frå forskjellige hydrotermale system.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i geokjemi eller marin kjemi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kunnskap om stabil isotop geokjemi er eit krav.
  • Praktisk erfaring med ionebyttekromatografi, arbeid i en ren lab og analyser med "multi-collector" ICP-MS er eit krav.
  • Kunnskap om hydrotermale system og mineral avsetningar på havbotnen er ein føremon.
  • Erfaring med forskningstokt og skipsbasert geokjemisk labarbeid er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 3 år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Desiree Roerdink, Department of Earth Science, UiB, Desiree.Roerdink@uib.no, +4755583859

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning.

Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS