Stilling:

Stipendiat i samfunnsøkologi

Søknadsfrist 18. januar 2019

Ved Institutt for biovitenskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som stipendiat i samfunnsøkologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Som følgje av auka menneskeleg påverknad endrar miljøet seg for økosystema over heile verda. Dei fleste økologiske samfunn responderer seint på eksterne drivarar og ein treng fleire langtidsstudie for å sjå kva for effektar ulike miljøendringar gir og korleis dei er relevante for forvaltinga av det biologiske mangfaldet. Eit av dei største problema for studiet av langtidseffektar er at det ofte manglar gode studie som har data frå lengre tidsperiodar. Ei løysing på det er å bruke historiske innsamlingar av artsdata som startpunkt, for så å utføre eit tilsvarande studie ved å gjenta den originale innsamlinga (resampling). Slike historiske data kan til dømes være lister over artar på ulike fjelltoppar eller andre data som ofte hadde eit heilt anna formål då dei vart samla inn. Det har blitt gjort ein del slike studie i det siste og i dette prosjektet har vi samla eit konsortium av ekspertar som har leia ulike resamplingsinitiativ i ulike habitat, blant anna fjell, skog og myr. Ved å samle ekspertise og data frå ulike initiativ vil vi ha eit unikt hjelpemiddel til å forstå korleis menneskerelaterte drivarar har påverka det biologisk mangfaldet og økosystema i løpet av dei siste tiåra. Den første delen av prosjektet vil bestå i å samle alle data og bygge ein dynamisk database kor nye data kan leggast inn etterkvart som dei blir tilgjengeleg. Databasen som skal byggast opp vil brukast til å undersøkje sentrale tema om korleis menneske påverkar økosystema og det biologisk mangfaldet. Aktuelle problemstillingar kan til dømes være interaksjonar mellom klimaendringar og habitatendringar, effekten av forsinka responsar på klimaendringar (t.d. utdøelsesgjeld) og effekten på det biologiske mangfaldet ved ulik romlig skala. Prosjektet vil bli rettleia av John-Arvid Grytnes (Universitetet i Bergen), i nært samarbeid med Fride H. Schei (Norsk institutt for bioøkonomi, NIBIO), Kris Verheyen (Ghent University), og Sonja Wipf (WSL, Davos), i tillegg til dei andre medlemmane av konsortiet.

Vi søker ein motivert student med bakgrunn i samfunnsøkologi (eller eit liknande tema som er relevant for prosjektet), med gode kunnskapar innan numeriske analysar, samt erfaring med databasar. Det blir også mogleg å gjere eige feltarbeid, og her er vi opne for fleire alternativ avhengig av interessa til den aktuelle ph.d.-studenten, inkludert arbeid i myr, fjell eller skog i Norge eller i Europa, men også utanfor Europa om vi klarer å sikre ekstra finansiering til dette.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i samfunnsøkologi, vegetasjonsøkologi, makroøkologi, eller liknande fagområde som er relevant for prosjektet, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing.
  • Søkjar må også være interessert i å arbeide med økologiske data og problemstillingar, ha evne til å jobbe med store datasett og ha interesse for å forstå korleis menneske påverkar økologiske mønster og prosessar.
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagt. Ambisjonar og potensiale vil også telje i vurderinga av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

Den som får stillinga må ha erfaring frå arbeid med databasar, kvantitative analysar av økologiske data (fortrinnsvis gjennom bruk av programvaren R), i tillegg til dokumentert erfaring i ein eller fleire av dei fagområda som er relevante for prosjektet. Erfaring med store databasar og geografiske verktøy som ESRI ArcGIS, QGIS, eller slike analysar i programmet R er ein fordel.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor John-Arvid Grytnes, Universitetet i Bergen: jon.grytnes@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS