Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i organometallisk kjemi og katalyse

Søknadsfrist: 09.07.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Kjemisk Institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i organometallisk kjemi og katalyse. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Det langsiktige målet med forskingsprosjektet er å utvikle meir effektive katalysatorar for å lage CO2-baserte polymerar. Den som blir tilsett, vil designe, syntetisere og screene organometalliske sambindingar som potensielle homogene katalysatorar for effektivt og selektivt å konvertere epoksid og CO2 til polykarbonat. Arbeidet har hovudvekt på syntese, og innleiingsvis ligg fokuset på skreddarsydde metallkompleks basert på overgangsmetall og multidentate bi-funksjonaliserte ligander. Prosjektet siktar også mot å avklare reaksjonsmekanismar og måtar som katalysatorane blir aktivert på. Overgangsmetallkompleksa vil bli systematisk testa i standard prosessar for epoksid/CO2 kopolymerisasjon, og deretter i prosessar med fornybare epoksid med sikte på meir miljøvenleg produksjon av plast.

Den som vert tilsett, vil inngå i eit team og vil å jobbe i synergi med PhD-, og MSc- og BSc-studentar. Dette betyr også at kandidaten får høve til å utvikle evnene sine innan forskingsleiing og rettleiing.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i kjemi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.07.2019. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med laboratorieforsøk i organisk/ organometallisk syntese er eit krav. Søkjarar må tydeleg angi og dokumentere type og nivå av relevant erfaring i syntese og karakteriseringsteknikkar i søknaden sin.
  • Erfaring frå homogen katalyse og/eller polymer kjemi er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne utføre laboratoriearbeid uavhengig og sikkert, og på ein strukturert måte, samtidig som de har evne til å samarbeide med andre, være motiverte og ansvarlege. Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.
  • Det er eit krav at søkjarar beherskar engelsk godt både skriftleg og munnleg.
  • Gode norskkunnskapar er ein føremon.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradseksamen vil vere fullført innan 1. juli 2019
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Erwan Le Roux, førsteamanuensis, Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen, E-post: Erwan.LeRoux@uib.no eller til
  • Knut Børve Instituttleiar, Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen, E-post: Knut.Borve@uib.no, +47 55 58 33 65

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS