Ledig stilling ved Universitetet i Bergen
Stipendiat i organisk syntese
Søknadsfrist: 13.10.2019
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i organisk syntese. Stillinga er knytt til Bergen Tracer Development Centre (Bergen-TDC), som er ein del av den nasjonale forskingssatsinga innan nukleærmedisin: «Kystsamarbeidet innan nukleærmedisin», og er finansiert av Trond Mohn Stiftelse og Tromsø forskingsstiftelse. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. Av dette er 25 % pliktarbeid, som vanlegvis er undervisning.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Forskingsprosjektet tar utgangspunkt i å utvikle nye radioaktive merkingsmetodar og nye radioaktive sporstoff for diagnostisering og terapi innan kreft og nevrodegenerative sjukdommar. Stillinga si rolle i prosjektet omhandlar syntese av sporstoff («tracers») som skal nyttast i positron emisjons tomografi (PET), samt syntese av molekylære startpunkt («pre-cursors») for slike sporstoff.
Bergen-TDC samarbeider med tilsvarande forskingsprosjekt i Tromsø (preklinisk forsking) og Trondheim (klinisk forsking) og vil ha tett kontakt med desse miljøa.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i kjemi eller tilsvarande, med masteroppgåve i organisk syntese, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring frå organisk syntese med overgangsmetall-katalyserte reaksjonar og bruk av NMR spektroskopi og MS for strukturoppklaring er eit krav.
- Det er ein føremon med kunnskapar i radiokjemi, statistisk forsøksplanlegging, heterosyklisk kjemi, og legemiddelkjemi.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
- Søkjarar må dokumentere norskkunnskapar nødvendige for undervisning
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- CV
- Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
- Relevante attestar
- Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- Eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Professor Hans-René Bjørsvik, Kjemisk institutt,telefon 55 58 34 52
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.